Hopp til innhold

Klar tale i fakkeltog for bygdeskulane

Hundrevis møtte fram då bygdene i Førde samla seg til fakkeltog for småskulane tysdag kveld.

Fleire hundre gjekk i fakkeltog for grendaskulane i Førde i kveld.

SJÅ VIDEO: Gjekk fakkeltog for grendeskulane i Førde. (Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK)

Sjølv om det berre er Angedalen skule som er føreslått nedlagd i kommunen sin skulebruksplan, stilte hundrevis frå dei andre bygdene solidarisk opp for å gje angedølane si støtte.

– Det er viktig at bygdene står saman om denne skulebruksplanen. Vi er fire bygder som truga av nedlegging og vi kjempar ei felles sak, seier Ane Østby Birkeland frå Holsen.

Fire var truga

Med taktfaste rop i ei blanding av fakkelrøyk og forstrøyk marsjerte over 300 små og store skuleforkjemparar frå festplassen gjennom sentrum til Førde Torg for å vise lokalpolitikarane kva skulen betyr for bygdene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fakkeltog for Angedalen skule

APPELLAR: Ved Førde Torg vart det halde appellar for alle dei fire skulane som på eit tidlegare stadige var truga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For sjølv om Sunde, Holsen og Frøysland skule ser ut til å sleppe med skrekken når skulestrukturen blir endra på, stiller dei opp for angedølane som ser ut til å miste skulen sin.

– Då framlegget kom på torsdag var eg uroa for at berre folk frå Angedalen ville stille, men dei andre grendene meldte seg og ville vere med. Det er eg utruleg glad for. Dette viser samhald i bygdene, seier Rune Indrebø frå Angedalen.

Kortsiktig sparetiltak

Grete Østby

MARKERTE: – Det er ei stund til avgjerda fell, så vi er ikkje heilt trygge endå, seier Grete Østby som framleis fryktar at Holsen skule kan bli lagt ned.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kommunen skal spare 24 millionar kroner. Kring 2,5 millionar sparer dei ved å leggje ned Angedalen skule og busse dei 32 elevane til Slåtten skule.

Dette godtek ikkje bygdefolket.

– Dette er ei viktig sak for oss. Skulen vår er samlingspunktet i grenda. Det dei gjer no er eit veldig kortsiktig sparetiltak, seier Indrebø og legg til at Slåtten skule allereie er for liten som den er i dag.

Fryktar for samhaldet

Han fryktar at Angedalen skule sitt spesialundervisningsopplegg ikkje vil la seg gjennomføre i større klassar, som på Slåtten skule. Indrebø fryktar også at samhaldet elevane imellom blir noko heilt anna om elevane blir flytta.

– Vennskap mellom elevane blir ikkje bygt dei ti minuttane dei har friminutt. Når angedalselevane er ferdige på skulen, blir dei bussa heim att. Eg fryktar det blir vanskeleg for elevane å komme inn i miljøet som allereie er på Slåtten, seier han og håpar at dei folkevalde som skal fatte den endelege avgjerda merkar seg engasjementet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fakkeltog for Angedalen skule

TAKTFAST: Fleire hundre personar deltok i fakkeltoget for å marker motstand mot endringane i skulestrukturen i Førde kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Livsnerven

For Østby Birkeland var det ikkje noko spørsmål om ho skulle stille eller ikkje. Sjølv om skulen på Holsen ser ut til å bli berga.

Ho, og fleire med ho, skildrar skulen som livsnerven i bygda. Blir skulen fjerna, forsvinn også aktiviteten i bygda, meiner ho.

– Vi har eit lokalsamfunn som vi ynskjer å ta vare på. Det blir ikkje lett når skulebygget ikkje er i bruk. Det blir ein kostnad som vi ser at vi kanskje ikkje vil klare, seier ho.

– Få opp augo

– Eg håpar at politikarane får auga opp for at det er fire sterke grender her som ynskjer å bestå i Førde. Førde er i vekst, og ein kan ikkje putte alt ned til sentrum. Grendene er ein ressurs som må takast vare på, legg Østby Birkeland til.

Fakkeltoget enda med appellar frå alle skulane ved Førde Torg.

I kulissane stod ordføraren og andre bystyremedlem og fekk med seg frykta og sinnet som rår over framlegget om å kutte Angedalen skule.

– Del av sparepakken

Ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

ORDFØRAR: Olve Grotle (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter ei runde med folkemøte i kommunen, hadde ordførar Olve Grotle (H) høyrt dei sterke og klare meldingane frå før.

– Det er den same kjensla som ein har alle stadar når det er tale om å leggje ned skular eller tale om å omstrukturere skulestrukturen, seier han og avviser at kutta har samanheng med rådhuset som er under oppføring i byen.

– Dette er ein del av den totale sparepakken som Førde kommune har sett seg nøydde til å gjennomføre. Vi har kutta åtte-ni millionar kroner på helse og omsorg, og vi har kutta på andre sektorar. Dette er ein del av skulesektoren sine kutt, og dei smerter, seier han.

Den 28. februar fell den endelege avgjerda i bystyret.