Hundrevis av sauer står flaumfaste på fjellbeite

LUSTER (NRK): 300 sauer kjem seg ikkje ned frå fjellet etter at flaumen vaska vekk store deler av vegen inn til Mørkridsdalen i Luster.

Hundrevis av sauer står flaumfaste på fjellbeite.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå reportasjen om sauene som ikkje kjem seg ned frå fjellet.

– Det har gått bra med sauene. Dei har antakeleg berre trekt opp i skråinga, så dei har ikkje stått fast på nokon måte, seier sauebonde Rune Fuglesteg.

Fuglesteg måtte ta turen opp til beitet med helikopter då han skulle sjå til sauene sine etter flaumen i helga. For inst i Mørkridsdalen står sauene heilt isolerte etter at vegen vart øydelagt av dei store vassmengdene.

– Vi hadde ein plan om å hente heim sauene neste helg, men det trur eg ikkje går no, seier bonden.

Rune Fuglesteg og sauen

SÅ TIL SAUENE: Sauene til bonde Rune Fuglesteg er isolerte på fjellbeite, etter at flaumen øydela vegen inn til Mørkridsdalen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Håpar ikkje på tidleg vinter

For utan veg kjem ikkje sauene seg ned frå fjellet. Og med vinteren like om hjørnet, tek det til å haste.

– Dersom det kjem ein tidleg vinter står vi i ein situasjon der vi faktisk må fly opp fôr til sauene, så dei kan vente på at vi blir ferdige med å få i stand vegen att. Det må vi prøve å unngå, seier Andreas Wollnick Wiese, leiar i Luster bondelag.

Og det kan ta tid, for det er 300 meter med veg som skal byggjast opp att og fleire bruer som skal reparerast før sauene kan finne vegen heim.

– Eg likar ikkje dette her. Ein blir liggjande vaken om nettene når ein ikkje veit om ein får heim att sauene, seier Rune Fuglesteg.

Andreas Wiese, bonelagsleiar Luster

HASTVERK: Ein må få sauene ned frå fjellet før vinteren kjem, seier bondelagsleiar i Luster, Andreas Wollnick Wiese.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Folk er framleis isolerte

Vasstanden er på veg ned, men det er framleis høg vasstand i fleire vassdrag i Luster. Dei fleste har no fått flytta heim att, men ein bustad på Skjolden er framleis evakuert.

– Dei fleste har også ein slags vegforbindelse, men dei sju som bur fremst i Mørkridsdalen har framleis ingen veg, seier ordførar Ivar Kvalen.

Dei har heller ikkje tilgang til nett.

På Veitastrond er 100 er framleis isolerte etter raset, men dei får båttransport forbi rasstaden. Det er uvisst når vegen vil opne att, men ein geolog skal gjere ei ny vurdering på staden i morgon.

Sjå korleis Stryneelva såg ut etter at flaumen herja i helga: