Hundrevis av elevar sprang stafett

Torsdag sprang fleire hundre skulelever i Sogn og Fjordane Tine-stafetten. I Førde var det grått og vått, men dei unge var likevel ved godt mot.

I dag gjekk Tinestafetten av staben i heile landet. 6. klasse ved Sande skule var eit av dei laga som stod klare ved startstreken i Førde.

KLAR-FERDIG-GÅ: Her gjer ivrige elevar i 6. klasse seg klare til å springe første etappe. Reporter/foto: Silje Bråstad, NRK

– Det var kjekt å springe og vi er nøgde, fortel elevar frå Sande skule.

Øvst i artikkelen kan du sjå TV-reportasje frå Tine-stafetten.

Stafetten vert arrangert av Norges Friidrettsforbund, og er Norges største idrettsmønstring med deltakarar frå 6.–9. klasse på 273 arenaer. Av Sogn og Fjordane sine 108 skular, med elevar frå 6. til 9. klassetrinn, deltek 79 skular på stafetten i morgon, noko som er 73 prosent.

– Vi er svært glade for at stadig fleire lag frå kvar skule deltek. Denne stafetten er ikkje ein tradisjonell konkurranse, men ein dag med fysisk aktivitet der vi ønskjer at alle skal ha moglegheit til å delta, seier prosjektleiar Karin Eftedal.

I Lærdal var stafetten akkurat ferdig då regnet kom. 11 lag frå 5.- 9. klasse stilte til start på den gamle idrettsbana på Øyri. Sjå bileta frå løpet:

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.