Morten Wigum. Arkivfoto NRK
- Oppgjeret på Brann Stadion var ei nervepåkjenning, og det var godt at vi fekk avgjort det no, seier Jotun Årdalstangen-trenar Morten Wigum. - No kan vi kose oss denne veka og gå til den siste kampen utan press.
Sleit i starten av kampen
Ole Gunnar Hunderi vart matchvinnar i ein kamp der JÅFK sleit innleiingsvis med balltempoet til aggressive Brann-spelarar som også spelte for eksistensen i 2. divisjon. Men i det 27. minuttet sette måltjuven Hunderi, som står bokført med 361 nettkjenningar for JÅFK, inn eitt av dei viktigaste måla i karrieren sin. - Det var ein retur etter at keeperen til Brann 2 redda, så då var det ope mål, og eg sette ballen i hjørnet, seier Hunderi.
Mange sjansar til å avgjere
Etter det spelte JÅFK seg fram til ein del store sjansar, men vart for upresise i siste fasen av spelet og greidde ikkje avgjere kampen på desse sjansane. I andre omgang hadde Brann2 ballen mykje, men JÅFK hadde dei største sjansane på kontringar, utan å få eitt mål til.
Sterke kjensler
Dermed vart det eit sterkt Brann-press i sluttminutta, men årdølene rei av stormen, og etter fem lange minutt på overtid kunne Morten Wigum puste letta ut. - Det var tøft, det må eg ærleg innrømme, seier Wigum, som fortel om sterke kjensler då det var klart at plassen var berga. - Vi har hatt ein veldig problematisk sesong med svært mykje skade og sjukdom, og periodar med marginar som har gått imot oss. No på slutten har heile stallen vore intakt, og då kom poenga og. Det viser potensialet i denne gjengen, seier trenar Morten Wigum.
JÅFK berga Dale
Og det at Jotun Årdalstangen FK held plassen i 2. divisjon, gjer at Dale ikkje rykkjer ned frå 3. divisjon. Dersom Stryn skulle rykke opp, vil andrelaget til JÅFK også halde plassen sin i 3. divisjon.