Hopp til innhold

Hundeklubb droppar alle aktivitetar framover

Mange hundeeigarar er urolege etter at hundar over heile landet har blitt sjuke. Førde brukshundklubb innstiller no alle aktivitetane sine.

Kim Rio med greyhoundene Oscar og Pandora

FRYKTAR SJUKDOMMEN: Hundeeigar Kim Rio vil vere forsiktig framover for å unngå at greyhoundane Oscar og Pandora får den frykta sjukdommen.

Foto: Julian Daumann

– Styret oppmodar alle hundeeigarane om å følgje tilrådingane til Mattilsynet når det gjeld smittevern fram til det blir kjent kva som er årsaka til sjukdommen, seier Kim Rio som sit i styret i hundeklubben.

Mattilsynet har dei siste dagane fått meldingar om sjuke hundar frå heile landet, eitt av tilfella er registrert i Aurland. Over 20 hundar er døde etter å ha hatt blodig diaré, opplyser Veterinærinstituttet.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til at hundane har blitt sjuke og om sjukdommen smittar. Veterinærinstituttet har obdusert fleire hundar for å finne ut kvifor mange hundar får blodig diaré.

Håper folk forstår

Kim Rio i hundeklubben håper alle har forståing for at dei no avlyser aktivitetar framover. Han fortel at også andre hundeklubbar gjer det same.

– Vi har mange som deltek på aktivitetane våre, så det er ein del som blir råka av dette. Men vi har ansvar for å fremje eit ansvarleg hundehald.

Sjølv har han sju hundar heime og tek ikkje imot gjester som har hund med seg. Han har også avgrensa aktiviteten til hundane ute.

– Vi veit så lite enno, og vi har ingen hundar å miste.

Seier mange er skremde

Kim Rio med hundane sine

MANGE ER UROA. Kim Rio fortel at han får mange telefonar frå hundeeigarar. Bileta er tekne på eit tidlegare tidspunkt.

Foto: Julian Daumann

Rio er også med i Oppdretteralliansen, og telefonen har ikkje stått stille dei siste dagane.

– Det er mange som uroa no, og fleire har blitt skremde etter å ha lest om saka på sosiale medium.

Førde brukshundklubb dekkjer Førde og omland og har ein del faste aktivitetar. No håper Rio at dei ikkje må avlyse ei hundeutstilling dei skal ha i Naustdal i oktober.

– Vi håper på ei avklaring før den tid, for dette er ei utstilling med hundar frå heile landet.

Tidlegare i dag blei det kjent at Sunnfjord Hundepark held stengt denne helga på grunn av hundesjukdomen. Hundeparken er eit privat turområde for hundar, og eigarane held stengt i helga fram til det kjem meir informasjon om korleis sjukdomen smittar.