Hopp til innhold

Politi med hundar søkjer etter sprengstoff - i alt 50 kilo dynamitt har vore på avvege

Spesialtrente hundar har i dag gjort søk etter sprengstoff fleire stader i Nordfjord. Politiet jobbar intenst for å få hand om rundt 17 kilo dynamitt som har vore på avvege.

Tvinde og restar etter sprenging

ALVORLEG: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde. understrekar at ein har jobba intenst for å få tak på dei 50 kiloane med dynamitt som har vore på avvege etter eit tjuveri ved eit veganlegg i vinter.

Foto: Stig Indrebø/Jan Bjørlo / NRK

– Vi har gjort ransakingar hos fleire personar på Sandane og Eid, og har teke hand om ein del sprengstoff, seier Jan Egil Tvinde som er einingsleiar for politiet i Sunnfjord.

Tre personar vart i dag arresterte i saka, i tillegg til at mannen som vart arrestert før helga, no er varetektsfengsla i fire veker.

Totalt 50 kilo på avvege

Det er ei svært alvorleg sak politiet no jobbar med. Totalt har det vore rundt 50 kilo dynamitt på avvege etter eit tjuveri ved eit veganlegg.

Politiet tok allereie i vår beslag i 33 kilo.

– Vi har no jobba intenst for å få tak på dei resterande 17 kiloa dei siste dagane, seier Tvinde til NRK.no onsdag ettermiddag.

Fleire har hatt tilgang på stolen dynamitt

Dei 33 kiloa med dynamitt som vart beslaglagt i vår vart funne i terrenget i Eid, og beslaget skjedde etter at politiet fekk tips om det.

Ingen personar vart arresterte i samband med beslaget, då politiet ikkje visste kven som hadde lagt det der, fortel Tvinde.

No viser det seg at det er eit større miljø i Nordfjord som har hatt tilgang til den stolne dynamitten.

I august fortalde skremde folk i eit bustadområde på Sandane at det hadde blitt avfyrt dynamitt i nabolaget fleire gonger.

– Vi har hatt liknande smell over tid, men vi har ikkje opplevd det som så kraftig før. Dette er farleg, sa ein av innbyggjarane til NRK.no i slutten av august.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Spesialtrente hundar har søkt etter sprengstoff fleire stader i Nordfjord i dag. 
I alt forsvann 50 kilo dynamitt frå eit veganlegg i vinter, og sjølv om mesteparten blei funne i vår, er 17 kilo framleis ikkje komme til rettes. Før helga blei ein mann i 30-åra pågripen etter å ha truga med å sprenga lensmannskontoret i Gloppen i lufta.
Reporter: Kjellrun Lavik, NRK Sogn og Fjordane

Etterforskar dynamitt tjuveri på Vestlandet.

Truga med å sprenge kontor – hadde dynamitt

Den siste av desse sakene har politiet oppklart, og politiet meiner det er sannsynleg at sprengstoffet som vart brukt kjem frå det same innbrotet i vinter.

Fredag truga ein mann i 30-åra med å sprenge lensmannskontoret på Sandane i lufta. Mannen vart arrestert i ein væpna aksjon fredag kveld, før han vart sleppt fri og arrestert igjen natt til søndag.

Det viste seg etter kvart at mannen hadde dynamitt, rundt ein kilo. Mannen vart onsdag varetektsfengsla for fire veker.

Fleire arresterte

Sidan då har politiet jobba intenst inn mot miljøet dei meiner har sprengstoffet i hende.

– Vi har jobba tungt med denne saka, og vi har kome over fleire som har hatt sprengstoff, seier Tvinde.

Mellom anna er to personar arresterte på Eid, dei to er mistenkte for tjuveri eller oppbevaring av sprengstoff.

– Dette er folk frå eit miljø som brukar narkotika i Nordfjord, seier Tvinde om kven personane er.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dynamitt Gloppen

DYNAMITT: Bak ein trafostasjon i eit byggefelt på Sandane låg det tydelege spor etter dynamittladinga i august. Sidan dette har politiet teke beslag i fleire kilo dynamitt.

Foto: Jan Bjørlo / NRK

– Ei alvorleg sak

Politiet i Sogn og Fjordane har mellom anna fått hjelp av såkalla bombehundar til å leite etter dynamitten som er på avvege. Onsdag ettermiddag skal dei framleis vere i arbeid.

– Har det vore nokon reell fare for at desse personane skulle bruke sprengstoffet mot andre, til å sprenge bygningar eller liknande?

– Det verkar ikkje som dei har hatt det til hensikt til no, seier Tvinde.

– Dette er ei alvorleg sak. Det er folk som ikkje er kunnige til å handtere sprengstoff, og når dei i tillegg har ein rusproblematikk, så er det ikkje bra i heile teke.

– Tryggare no enn før i aksjonerte

Onsdag ettermiddag klokka 14.30 seier han at politiet er nære å få kontroll på all sprengstoffet som har vore på avvege.

– Mi oppleving er at det no er mykje tryggare enn før vi aksjonerte i saka, seier Tvinde.