Hopp til innhold

Humanetisk gravferd på Borgund

Humanetisk Forbund i Sogn og Fjordane vil bruke besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje til gravferdsseremoniar.

Besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje
Foto: Steinar Lote / NRK

Organisasjonssekretær i forbundet, Astrid Bolstad, seier dei valde Borgund fordi det ikkje finst så mange andre alternativ i Lærdal.

- Det er ikkje så ofte vi har humanistisk gravferd i dette fylket. Det er ikkje så mange lokale å velje mellom, så eg tykkjer dette er ein godt eigna stad, seier ho.

Ikkje vigsla

Så nær, men likevel så fjernt frå det dei trur på. Humanetisk forbund i Sogn og Fjordane har altså valt, på vegner av sine medlemmer i Lærdal, å bruke det nye besøkssenteret i Borgund til gravferdsseremoniar. Astrid Bolstad presiserer at senteret ikkje er vigsla, og ho ser difor ikkje noko problem med at dei nyttar lokalet.

- Det er eit nøytralt lokale som rett nok ligg like ved kyrkja, men slik vi ser det er det ikkje så nær knytt opp mot kyrkja, seier ho. 

- Ingenting imot det

Sokneprest i Lærdal, Helene Langeland, har sjølv vore til stades på ein borgarleg gravferdsseremoni ved Borgund besøkssenter. Og ho har ingen ting imot at kyrkja samarbeider med humanetikarane.

- For meg som prest og som var til stades ved den seremonien, så tykte eg at det var ganske sterkt å vere der. Eg tenkte at dette er det næraste vi kjem kyrkja utan å vere i kyrkja. Vi er stolte av senteret, det er ei flott lokale med ein fantastisk utsikt mot kyrkja, seier ho.

Ikkje første gong

Humanetisk Forbund i Sogn og Fjordane feirar i år 25 års jubileum. Dei har hatt ein jamn auke i medlemstalet og tel i dag 700 medlemmer, seier organisasjonssekretær Astrid Bolstad. Det er ikkje første gong at Humanetisk Forbund tar i bruk eit lokale som ligg på kyrkjeleg grunn. Også ulike kapell har vore nytta. Bolstad har likevel eit inntrykk av at kommunane i fylket gjer det dei kan for å legge til rette for borgarlege gravferder.

- Det er lite grunnlag for å ha eigne seremonilokale i kommunane i fylket, så kommunane har vore veldig velvillige når problem oppstår. Dei har alltid klart å skaffe lokale som vi og dei pårørande har vore nøgde med, seier ho.