Hopp til innhold

Huldrene bergtok publikum

Over 700 opplevde tingingsverket «Dåm» i dramatiske omgjevnader.

Huldredansarar frå Øvre Årdal
Foto: Silje Guddal

Tingingsverket «Dåm» vart framført i Utladalen laurdag kveld.

På ei utandørs scene ved foten av Jotunheimen framførte Øvre Årdal Janitsjarkorps tingingsverket «Dåm».

- Ei stor oppleving

- Eg vil seie det har variert frå klump i halsen, til tårer i augene og frost på ryggen. Det var så fint, seier Helga Søgnen Hestetun.

Verket er i seks akter og er skrive av den utflytta årdølen Jan Roger Øren.

- Eg trudde ikkje det gjekk an at vi hadde lokale musikarar som var så flinke. For meg har det vore ei stor oppleving, seier Hestetun.

Huldrer og troll

Musikken byggjer på folkemusikktradisjonen i Øvre Årdal og er blanda med moderne rytmer.

Dansarar deltok under konserten
Foto: Silje Guddal

Eit lokalt teaterlag med born dansa som huldrer og troll.

Hestetun er spesielt imponert over dansen.

- Det var så festleg med huldreungane, og naturen her er vakrast i verda, seier Hestetun.

Konserten markerte også opninga av Kulturminneåret i Øvre Årdal.

Sjå bilete frå konserten