Huldra i Kjosfossen. Foto: Bjørn Kray-Iversen
Huldresongen og ikkje minst huldra sjølv i Kjosfossen i Flåm er blitt eit kjent landemerke for turistane som tek Flåmsbana om sommaren. Sommaren 1998 gjekk Hybris Film Vertigo og Flåm Utvikling saman om å utvikle ideen om huldra i fossen som underhaldning for dei reisande. Men no sju år seinare stridest dei tidlegare forretningspartnerane om kven som har rettane til Huldra.
- Krev vår del av pengane
Kvar sommar reiser rundt 400.000 turistar på den kjende jernbenestrekninga frå Flåm til Myrdal. I Hybris Film vil dei gjerne ha det dei ser på som sin del av pengane turistane legg igjen i Aurland. - Sakte, men sikkert vart vi klare over at Flåm Utvikling var i ferd med å ta over heile huldrespelet og at dei ikkje lenger var intresserte i å samarbeide med Hybris Film Vertigo AS, seier Jarl Holstad i Hybris Film Vertigo AS.
Vil ikkje kommentere
Olav Lühr i Flåm Utvikling vil så langt ikkje kommentere den pågåande striden.