Hopp til innhold

Hugsar ikkje sist han scora med venstre - men så klinte Bolli til!

FØRDE (NRK): Kapteinen på Sogndal fekk eit drøymetreff av dei sjeldne med venstreslegga. Det sikra laget vidare spel i kampen om NM-trofeet.

Spelarane gratulerer Rune Bolseth med stjernetreff

MÅL: Rune Bolseth sette inn målet som førte Sogndal opp i leiinga i Hafstadparken torsdag kveld.

Foto: Rune Fossum / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Kaptein Rune Bolseth sette inn kampens einaste mål etter 67 minutt. Ei klokkeklar scoring med venstrefoten frå nærare 20 meters hald sikra eliteserielaget sigeren over Førde.

– Det må vere mange år sidan eg hadde slik treff med venstrefoten. 10, 15 eller kanskje 20 år sidan, humrar Bolseth etter kampen.

– Du verka nesten overraska sjølv?

– Ja. Eg veit ikkje sjølv kva som skjedde. Den spratt greitt, så eg tenkte eg berre fekk prøve.

Og det gjorde han. Bolseth fekk stjernetreff – og hjelp frå ryggen til ein Førde-forsvarar, og så gjekk ballen som eit prosjektil i lengste hjørne for keeper.

Øystein Myrkaskog i duell for Førde mot Sogndal

TØFFE DUELLAR: Førdes Øystein Myrkaskog reiv og sleit i Sogndal sitt forsvar. Her blir Førde-spissen teken hand om av Ruben Holsæter (t.v.) og Rune Bolseth.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sleit med å få tak på heimelaget

Det heldt til ein slitesiger over Førde. Andredivisjonslaget spelte vel så bra som sogningane i første omgang, og kunne ut frå sjansane ha gått til pause med scoring. Men då det ikkje skjedde, kobla Sogndal grepet utover i andre ongang.

Men Bolseth er ikkje nøgd med det laget presterte.

– Vi skapar altfor lite. Vi hadde eit håp om å kome hit og få til ein del, men det klarer vi ikkje. Det var greitt at den scoringa kom, for vi hadde ikkje så alt for mykje, seier han.

Publikum møtte opp for å heie på sitt lag

FOLKEFEST: Supportarar frå både Førde og Sogndal hadde teke turen for å heie sitt lag vidare i cupen.

Foto: Rune Fossum

Klar for ny utfordring søndag

Sogndal er no vidare til tredje runde i NM, og for Førde sin del er cupeventyret over for denne gong. For Ruben Holsæter var det ekstra spesielt å spele i heimbyen.

Framfor 2875 tilskodarar starta han på høgrebacken for Eirik Bakke sine menn.

– Det var veldig spesielt, ettersom det var min første offisielle kamp mot Førde etter fem år i Sogndal. Eg har jo hjartet i Førde – men ikkje i ein kamp som denne, seier Holsæter.

– Det var ein veldig tøff kamp for oss. Ein krig med mykje lange ballar, og då er det vanskeleg å spele. Men eg er ikkje overraska over at Førde var gode, seier han.

Martin Ramsland

KOM INN: Martin Ramsland kom inn for Sogndal mot slutten av kampen, men fekk ikkje utretta noko i målprotokollen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Skapte nok til å klare å score

Førde-trenar Julian Madsen er nøgd med laget sine prestasjonar, sjølv om han ikkje er nøgd med å tape. For Førde kunne med litt meir klaff ha gått til pause med leiing. Då kunne kampen ha sett heilt annleis ut.

– Eg synest vi gjer ein betre match enn mot Brann. Så gutane skal få ein klapp på skuldra. Og så får vi øve meir på avsluttingar. Vi skapte meir enn nok til å få noko meir ut av dette, seier han.

– Og så er det fantastisk at det kom så mykje folk. No gler vi oss til 16. mai-kampen mot Florø. Vi er glade i festar, seier Madsen.

PS: Fredag klokka 12:00 blir det klart kven Sogndal møter i tredje runde. Då blir kampoppsettet presentert av Norges Fotballforbund.