Hopp til innhold

Hugsar du desse sakene frå 2015?

Dommaren som heldt rundt og trøysta den alvorleg skadde spelaren? Politimannen som ikkje har politibil? Dei småfrekke geitene og handlekraftige pensjonistane?

Vi har samla eit knippe saker du kanskje har gløymt – eller ikkje har fått med deg. Ha ei god lesestund!

1. Her trøystar dommaren den skadde spelaren

Are Njøten
Foto: Stryn fotball

Då Stryn-spelar Are Njøten rauk alt som kunne rykast i kneet, sette dommaren seg ned og trøysta han. – Det var veldig flott gjort, seier Njøten, som kanskje aldri blir heilt frisk.

2. Postmannen skulle berre levere ein pakke...

Mææææææææ - er det ikkje mat her?
Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Medan postmannen var oppteken med å få signatur på ein pakke, skjedde det ting og tang bak ryggen på han.

3. Sende fyrverkeri til himmels i gledesrus

Fyrverkeri
Foto: NRK

Det var elektrisk stemning då Sogndal feira opprykk på Fosshaugane i slutten av oktober. – I Sogndal veit vi å feire når vi har vunne noko, sa trenar Eirik Bakke oppglødd.

4. Politimannen som ikkje har politibil

Kjetil Drange
Foto: Politiet

På Selje lensmannskontor sit det ein lensmann. Men han har ikkje noko utrykkingskøyretøy.

5. Sjekk måren si farefulle matjakt

Mår på jakt etter mat

Snakk om flaks! Familien Digernes fekk brått tilskodarplass til måren si utrulege jakt etter fuglematen dei hadde hengt ut.

6. Mirakeljenta

Jordmor Christina Bergskås med Hege
Foto: privat

For 21 år sidan hang livet til Hege i ein tynn, tynn tråd. Legane var sikre på at ho var hjerneskadd. Men så feil kan ein ta...

7. Stjernespelaren du ikkje har høyrt om

Mathias Loftesnes i Karlovy Vary
Foto: Rune Fossum / NRK

Visste du at Norge har fem profesjonelle spelarar i ein av verdas største idrettar? Mathias Loftesnes (25) ante ingenting om kva som venta, då han reiste for å leve i ein ukjent by. Anna enn at det ville skape lite merksemd i heimlandet.

8. Henta villfarne sauer med trakkemaskin

Sauer på vinterfjellet
Foto: Runar Tørvi / Sogn Skisenter

Dei sju sauene stod i ein meter med laussnø, godt skjulte under ein fjellhammar, då skikøyrarar plutseleg høyrde breking.

9. Arnold (93) og Martha (83) gjer det meste sjølv

Arnold og Martha Pupe
Foto: Inger Lind Aasen

Ikkje ein gong høge stigar skremmer dei frå å gjere det som må gjerast.

10. Dette synet er det få som får sjå i Norge

Skya sett inne frå bilen
Foto: Tore H. Næss

Tore Næss og vennene trudde knapt sine eigne auga då dei såg skyformasjonane på Stad. Det gjorde ikkje meteorologane heller, då dei fekk sjå bileta...

11. Yrkessjåfør rosa for rask handling

Brann i Skatestraumtunnelen
Foto: Linda Christin Lilleskare

Sjåføren av vogntoget som mista hengaren i Skatestraumtunnelen vart rosa frå fleire hald for måten han handterte dramatikken i Skatestraumtunnelen. – Han berga mange liv.

12. Evelyn (82) heldt sjølv på å drukne – gav hjartestartarar til ferja

Astrid Tveit og Evelyn Hjortland
Foto: Noralv Pedersen / NRK

For mange år sidan heldt Evelyn Hjortland sjølv på å miste livet då ho fall på fjorden. Ho veit at rask hjelp kan bety skilnaden mellom liv og død.

13. Kua vende heim etter månader «på rømmen»

Kua Kristiane vende heim etter to månader på rømmen
Foto: Privat

Bonde Kari Øvreseth på Breim gjekk med ein klump i magen i heile haust. Så kom telefonen ho ikkje hadde tort å håpe på.

14. Henrik hadde influensa – enda i koma

Tilbake på intensivavdelinga
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

På få timar gjekk Henrik Bruland Røed frå å vere ein influensasjuk 13-åring til å liggje medvitslaus i kunstig koma.

15. Det tjuven ikkje visste

Kjelfred Weum over siste hekk i glansdagane
Foto: Rolf Arne Odiin / VG

Innbrotstjuven hadde nok ikkje prøvd å stikke av, hadde han visst at den uniformerte politimannen var Norges største sprintkomet. Berre månader seinare sprang Kjellfred Weum frå Hafslo semifinale i OL.

16. 12-åringen som vart millionær på idretten sin...

Anders Fannemel var 12 år då han starta med skihopping. Her er nokre av dei aller første hoppa hans.

Anders Fannemel vart hekta på skihopping på første trening. No har han tent ein million på idretten sin.