Hopp til innhold

Hugsar du den gamle flyplassen i Førde?

I mange år hadde Førde den mest særeigne flyplassen i heile landet. Rett utanfor sentrum låg flystripa, og landinga skjedde rett over hovuda på folk i den veksande tettstaden.

Den gamle flyplassen på Øyrane i Førde

VIDEO: I 1984 laga NRK ein reportasje om den uvanlege flyplassen i Førde.

– Ein slik flyplass hadde neppe vorte godkjent i dag, seier tidlegare pilot i Widerøe Ansgar Asperheim.

Han flaug til den gamle flyplassen i Førde i alle åra han var i drift, og hugsar godt at han var noko for seg sjølv.

– Vi landa jo utan instrument i flytårnet. Det var berre å kome seg under skydekket, og så måtte vi finne rullebana med auga. Ein såg ikkje ein gong heile rullebana frå flytårnet. Flya parkerte vi mellom ein barnehage og trelasteforretninga, mimrar Asperheim.

Midt i industriområdet

Flyplassen var plassert midt i industriområdet på Øyrane i Førde. Området hadde mellom anna eit stort skipsverft, og dei store kranene som var nytta der måtte rullast vekk under innflyginga.

Luftfartstilsynet var i utgangspunktet svært skeptiske til å plassere flyplassen på Øyrane, men etter hardt politisk press gav dei etter. Det skulle berre vere ei kortvarig og provisorisk løysing, men ifrå 1971 og heilt fram til 1986 vart flyplassen likevel verande. Då vart den nye flyplassen på Bringeland i Gaular bygd.

Eit fly landar i Førde

KREVJANDE: Innflyginga til den gamle flyplassen i Førde var krevjande, fortel tidlegare pilotar.

Foto: Norsk luftfartsmuseum

I 1984 laga NRK ein reportasje om den uvanlege flyplassen, og det er bileta frå den som er nytta i videoen over. Heile reportasjen kan du sjå her.

Ifrå 1976 og fram til dag har Norge Rundt vitja mange forskjellige stadar og møtt mange forskjellige folk. Bruk Norge Rundt-kartet for å sjå om vi har vore i din kommune.