Trass i publikumssuksess for sogespelet, viser rekneskapen raude tal. Det stadfestar leiar i stiftinga, Anne Cecilie Kapstad.
Kommunen har no sendt purring til stiftinga.
Der opplyser dei at det vil verte kravd 12 prosent rente frå 30. september.
Kapstad meiner sogespelet har tilført Jølster kommune så mykje at kommunen bør strekkje seg langt for å finne ei anna løysing på problemet.