Hopp til innhold

Høgskulen i fylket er særs populær

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av vinnarane i årets opptak til høgare utdanning. Skulen har fått nesten 20 prosent fleire søkjarar enn i fjor.

Åse Løkeland

JUBLAR: Rektor Åse Løkeland kan ikkje anna enn smile når ho får presentert søkjartalet til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tal frå Samordna opptak viser at 1167 studentar har søkt på dei 803 ledige studieplassane her i fylket.

Det er ein auke på 19 prosent, noko som er langt meir enn auken på landsbasis. Den ligg på fem prosent.

- Dette er vi sjølvsagt kjempeglade for, strålar rektor Åse Løkeland.

I løpet av dei siste fem åra har Høgskulen i Sogn og Fjordane hatt ein auke på heile 65 prosent i tal søkjarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgskulen i Sogn og Fjordane

MERKENAMN: Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått eit godt rykte utad.

Foto: Steinar Lote/NRK

- Vi har eit godt rykte

Løkeland meiner den kraftige auken i talet på søkjarar er ei stadfesting på at skulen er attraktiv for studentar.

- Vi har hatt ei positiv utvikling i tal søkjarar. Eg trur dei som har valt å studere ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fortel andre potensielle søkjarar om eit godt studiemiljø og god kvalitet, seier Løkeland.

Over halvparten av søkjarane til Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) kjem utanfrå fylket. Spesielt er det sterk auke i talet søkjarar frå nabofylket Hordaland.

- 532 personar med heimstadadresse i Sogn og Fjordane har ført opp HSF som førsteønske, seier Åse Neraas.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

POPULÆR: Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Sogndal. Her merkar dei ei sterk auke i tal søkjarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Berre ei studieretning med færre søkjarar

Det er fleire utdanningsretningar som merkar sterk vekst. Mellom anna er bachelorstudiet i eigedomsmekling populært. Talet søkjarar her har gått frå 30 i fjor til 75 år.

- Dette er ein auke på 150 prosent, seier opptaksleiar Arnstein Menes ved HSF.

Han meiner dette må vere rekord i tal søkjarar på ei linje ved skulen.

I tillegg har også sosialarbeidarutdanningane som inneber barnevern, sosionom og vernepleie ein markert auke i tal søkjarar. Det same har geologi og reiseliv.

Både idrett, fornybar energi, landskapsplanlegging, engelsk og dei samfunnsfaglege bachelorstudia har også auke i søkjartala.

Det einaste studiet som har færre søkjarar gjennom Samordna opptak er ingeniørutdanninga.

Totalt i heile Norge er det 108 605 personar som har søkt opptak til høgare utdanning gjennom det nasjonale samordna opptaket. Dette er vel 5000 fleire enn i fjor.