Hopp til innhold

HRS: – Merk kajakken din med namn og nummer

Nokre pennestrøk kan gjere stor skilnad for ein redningsaksjon om kajakken eller kanoen din blir funnen drivande på fjorden.

Kajakk

ILLUSTRASJON: Det ligg etter kvart mange kajakkar ved kaier, naust og hytter kring om i Noreg. Når umerka kjem i drift blir det vanskeleg for redningsetatane å vite om det er på grunn av ei ulukke eller ikkje.

Foto: Hovudredningssentralen

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg oppmodar eigarar om å merke kajakk, kano eller brett med namn og telefonnummer på ein godt synleg stad.

Seinast fredag morgon fekk Hovudredningssentralen melding om umerka kajakkar i drift utanfor Vaksdal i Hordaland. Her vart det sett i gang søk

– Merking er viktig for å unngå unødige redningsaksjonar, men spesielt viktig om det verkeleg har skjedd ei ulukke, seier redningsleiar Andreas Bull.

Lettar arbeidet

Hovudredningssentralen får jamleg melding om drivande surfebrett, ståbrett, kajakkar eller kanoar. I fjor aksjonerte dei 233 gonger etter slike meldingar. Fleire aksjonar var unødige.

Bull meiner det er eit problem at mange er umerkte. Både for å unngå unødige aksjonar, men ikkje minst for å lette arbeidet ved eventuelle redningsaksjonar.

– Dei er serieproduserte og ser veldig like ut. Det er ikkje alltid slik at naboen kjenner den att ut frå ein spesiell motor eller styrekontroll. Då er det vanskeleg å finne ut kva dette dreier seg om, seier redningsleiaren.

– Kan drive langt

Utan meir å gå etter, blir eit søk ofte avgrensa til området der kajakken vart funnen. Står det namn og nummer, har Hovudredningssentralen langt meir å gå etter.

– Vi kan få avklara om eigar har kome seg på land, eller vi kan kome i kontakt med folk som kan gi informasjon om kvar padlaren skulle, kvar han gjekk ut frå og kva utstyr og klede han hadde, seier Bull.

Ein kano flyt lett og kan drive langt. Har det skjedd ei ulukke, er det viktig at vi i alle fall leiter på rett stad, legg han til.

Dobling på seks år

I dag er det ikkje noko krav eller system for å registrere kajakkar, kanoar eller brett.

Interessa for padling har eksplodert siste åra. Sjøfartsdirektoratet reknar at ligg kring 170.000 kanoar eller kajakkar i Noreg. Talet er meir enn dobla sidan 2012.

Generalsekretær i Norges Padleforbund, Sven Nordby Anderssen, merkar også ei kraftig aukande interesse for padling.

– Medlemstalet har auka 10 prosent årleg siste ti åra. Auken i den uorganiserte delen blir berre gjetting, seier han og stiller seg bak oppmodinga om å merke både båt og årer.

Opptek ressursar

Redningsleiar Bull har ikkje tal på kor mange unødige redningsaksjonar umerka båtar utløyser i løpet av eit år.

– Men startar vi ein redningsaksjon, så vi brukar store ressursar som i verste fall er unødig opptekne om noko anna skulle skje, seier han.

– Så ein liten detalj som å skrive namn og nummer, det hadde vi sett pris på, avsluttar han.