Statssekretær Øyvind Håbrekke. Arkivfoto: Scanpix
Fylkesmann Oddvar Flæte har kritisert miljøstyresmaktene for ikkje å høyre på lokale innspel i vernesaker. Statssekretæren vil ikkje vere med på kritikken frå fylkesmann Flæte, som laurdag viste til ei rekkje vernesaker i fylket, der det har vore stort engasjement lokalt, utan at sentrale styresmakter bryr seg om det. Flæte nemnde saker som nasjonale laksefjordar og vern av Nausta som døme på saker der det ikkje er teke omsyn til sterkt lokalt engasjement.
- Vi er blitt betre
- Det å høyre på lokale innspel i vernesaker jobbar vi kontinuerleg med, og eg meiner vi er blitt betre dei siste åra, og vi skal bli endå betre, seier Håbrekke.
Nasjonale spørsmål
Han vil ikkje vere med på at dei er så dårlege, men understrekar at vern ofte er nasjonale spørsmål der ein ikkje alltid kan følgje lokale innspel. - Det er ofte slik at når eit område i ein kommune blir verna, så er det mange der som heller ville hatt verneområde i nabokommunen, seier statssekretær Øyvind Håbrekke i Miljøverndepartementet.