Hopp til innhold

Høyrer du skramling utanfor døra, kan det vere Julereia

Frå gamalt av var ikkje jula berre ein tid for fest. Folk måtte og passe seg for overnaturlege besøk.

NOR Åsgårdsreien, ENG The wild Hunt of Odin

Åsgårdsreia finst i mange variantar rundt om i Noreg og utlandet.

Foto: Jaques Lathion / Arbo, Peter Nicolai

Det var julaftan på Hovland i Vadheimsfjorden. Gardsfolket var samla i stova og oppdaga at dei ikkje hadde henta inn nok brød frå stabburet. Det var ille, for i jula skulle ingen få for lite.

Alle var samla i stova, ute var det skummelt. Då dei sat slik høyrde dei plutseleg Julereia skramle utanfor. Redsla vaks og dei tenkte på kva dei skulle gjere. Det var ein gut der som var litt modigare enn dei andre. Han fekk stabbursnøkkelen og for ut døra.

– Det varte og rakk utan at guten kom inn at, men ingen torde sjå etter han før om morgonen. Då såg dei spor i snøen, men klarte ikkje finne han. Det var klart at Julereia hadde teke han, fortel Aud Ross Solberg ved Sogn Folkemuseum.

Julereia eller Åsgårdsreia er eit samleomgrep for eit følge av overnaturlege krefter. Ifølgje folketrua kom dei ridande gjennom lufta og skremte menneska på gardane.

…dens rette Færdingstid er Julekvælden, og i det Hele Julen, da de store Gilder og Drikkelag holdes omkring i Landet.

Peter Christen Asbjørnsen

Nyårsaftan

Aud Ross Solberg som er avdelingsdirektør ved Sogn Folkemuseum, og har forska på Julereia i Sogn. Ho kjenner til mange av dei gamle segna som er sanka inn i regionen og fortel at det på Hovland gjekk fleire dagar før guten dukka opp att.

Aud Ross Solberg

MOTVEKT: Aud Ross Solberg er avdelingsdirektør ved Sogn Folkemuseum. Ho har studert Julereia, og fortel at nissen kunne fungere som ein motvekt mot dei vonde kreftene i jula.

Foto: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum

– Han for med Julereia, dei var innom kvar einaste stove innover Kyrkjebøstranda fram til ytre Håland. Der kom dei til ei stove der det sat ei kvinne og arbeidde med nål og tråd. Guten tok sysakene og så fauk dei vidare mot Austrheim og Nordeide.

Nyårsaftan for Julereia ut att i same ærend som på julaftan, då dei kom forbi heimgarden på Hovland nytte guten høvet til å fri seg frå dei overnaturlege.

– Han kasta seg av hesten og la seg som ein kross på marka. Då hadde dei ikkje makt over han. Dei skreik og bar seg, men let han ligge og for vidare. Slik kom han heim att til folket sitt. I den eine lomma hadde han stabbursnøkkelen og i den andre sysakene han hadde stole på Håland.

Samleomgrep

Det overnaturlege følget i Julereia eller Åsgårdsreia høyrer ein om i segner mange stader i landet og ein finn og liknande ting i utlandet, som til dømes den ville jakta i germansk folketru.

Tradisjonane knytt til Åsgårdsreia varierer frå stad til stad. På delar av Austlandet er ei Guri Asgaard eller Rumpeguro sentral for reia, og andre stader blir den leia av mannen hennar Sigurd Snarensvend. I eit segn frå inst i Sognefjorden er ein gamal lensmann i Luster sentral.

i Spidsen rider Nøkken paa sin sorte Hest; efter ham kommer gamle Lensmanden paa Dalsøren, en stor fæl Mand med Bjørneskindshue paa, bekjendt af sine slette Gjerninger i Livet, og af alt det Spøgeri, der huserede, medens han laa Liig og blev begravet.

Peter Christen Asbjørnsen

I Luster var det slik at når dei ulike ryttarane hadde slutta seg til Julereia på fast bestemte stader, så for den til Dalsøren nede ved fjorden. Der heldt Julereia etter tradisjonen dans og leven på Dalsøren heile jula.

Eit eksempel på ryttarar som slutta seg til reia på veg mot Dalsøren er jentene frå Kringlevatnet. Som hadde drukna kvarandre i kampen om interessa til ein gut.

Af Kringlevandet komme to Gjenter, der have dræbt hverandre for en Guts Skyld, op og støde til Færden. Den ene var frugtsommelig og skulde til Stølen, da den anden traf hende, og skjød hende ud i Vandet; men hiin rev denne med, saa de begge druknede.

På trettande dag jul for reia nordover att. Då røva den med seg folk som var utandørs etter at det var blitt mørkt.

Det var i Justedalen Skik at have Staal paa Laaven, i Fjøset og Bøkken, for at Skreien ikke skulle stjæle og trolde i dem. Det var desuden Skik at frie Sig fra dens Besøg ved at sætte Tjærekors paa Døre og Fæhuse. Saadanne Kors ere vel endnu at see hist og her, men nu siger Folket, at de ere ude af Troen.

Peter Christen Asbjørnsen
Åsgårdsreien av Peter Nicolai Arbo

SLIK: Peter Nicolai Arbo såg Åsgårdsreia for seg slik.

Foto: Børre Høstland/Nasjonalmuseet

Mektig kross

Som historiene frå Luster og Vadheimsfjorden viser, var medlemmane av Julereia personar som var mogleg for dei samtidige å kjenne att. Solberg fortel at det dreidde seg om daudingar.

– Dei kom tilbake på enkelte dagar i året, særleg rundt solsnu. Det vil seie julaftan og jonsok. Dei kunne gjere svært mykje ugagn: velte hus, sette eld på garden, ta folk med seg, ta hestane og ri dei nærast i hel, gjere ølet surt og mange slike ting.

For å hindre slike utfall var det viktig å verne seg mot Julereia. Då var krossen særleg viktig, men Solberg fortel at det og var andre ting ein måtte hugse på.

– Elden var viktig, den heldt Julereia og andre vonde makter borte. Difor skulle det brenne heile julenatta, og folk var oppe heile natta for å passe på elden. Særleg vart ungdommane sett til å vake, då laga dei fest og spel.

Julereia tolte heller ikkje lys, så det var ikkje berre eld i grua som var viktig, men og spesiallaga lys.

– Etter slaktinga støypte dei talglys i ulike storleikar og fasongar. Mellom anna skulle det vere eit stort lys som skulle stå på langbordet og brenne heile natta, og så skulle ein og ha eit trearma lys for dei heilage tre kongane.

Ikkje berre vonde

Eit anna middel mot vonde makter var å legge ein stålgjenstand i kornet, teikne krossar på dører og øltønna. Men det var ikkje berre vonde makter som var ute julenatta. Solberg fortel at det og fanst ei motvekt.

– Nissen var og ute julenatta. Opphavleg var han var den første som hadde rydda garden. Han passa på folk og dyr, og var ei motvekt til dei vonde kreftene. Det var viktig å vere på god fot med han, difor sette dei ut graut i fjøsen.

Fossenstova

VIKTIG: Krossen var eit viktig verkemiddel for å halde vonde makter ute. På denne døra i «Fossenstova» frå Vadheim er det målt på mange tjærekrossar.

Foto: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum

Vatn eller tjære

Ifølge ei soge Ivar Aasen samla inn og Peter Christen Asbjørnsen fortel frå Aurland, hadde dei der ein uvanleg måte å halde Julereia borte på. I den soga vart ein aurlending teken av Julereia då han var ute for å skaffe mat til jul.

... Da han var færdig til at fare hjem igjen, gik han ned til Baaden med Madstellet, han havde faaet, og satte det i Baaden. Men det var galt, at han slap det, førend han selv var kommen udi, for saalænge En har Mad i Haanden er han uræd for Juleskreien. Men med det samme han lagde Madvarerne fra sig, kom Juleskreien og tog ham med, og siden reiste de ind igjennem Gaardene og var inde i alle Kjældere, for at see efter om der var Øl.

Ivar Aasen

På det kvilelause søket etter drikke, var det berre dei som hadde budd seg ved å sette ei bøtte med vatn eller tjære framfor øltønna fekk behalde juledrikken sin.

Naar der stod en Vandbøtte foran Tønden, spyttede de og sagde «Tvi!» og gik, men var det en Tjærebøtte, slog de Døren igjen og vilde ikke gaae ind engang; men der hvor der ikke var noget Sligt, der drak de saa fælt, at Manden syntes de maatte rævne.

Ivar Aasen

Til slutt vart mannen redda av kona på ein gard. Ho fekk Julereia til å sleppe han, men turen med reia sat likevel i.

... med detsamme hun saa Manden, kjendte hun ham. «Er det Du?» sagde hun og nævnte ham ved Navn, og saa greb hun ham i Luggen og holdt Maden frem over Hovedet paa ham; da maatte Juleskreien slippe ham. Saa ledede hun ham ind i Stuen, men han var saa skarven, at det var netop, det laat i ham, før Midnat; men siden kom han sig og blev rigtig igjen.

Ivar Aasen

Oppdragande

Namna varierer frå stad til stad, men det som er felles er at ryttarane i reia gjerne er døde menneske som ikkje hadde levd gode liv fortel Ane Ohrvik. Ho er førsteamanuensis ved instituttet for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo, og seier at overnaturlege fenomen slik som Åsgårdsreia ofte er oppdragande.

– Dei kunne feie over tunet på ein gard. Hadde ein då til dømes ikkje rydda bort reiskapane sine slik ein skulle, så kunne dei bli plukka opp. Og dersom ein var ute og gjekk etter at det var mørkt, kunne ein sjølv bli teken av det ridande følget.

Ane Ohrvik

TIDLEG NYTID: Ane Ohrvik seier at kjeldene vi har om Åsgårdsreia handlar om tidleg nytid og er samla inn på 1800-talet.

Foto: UiO

Det oppdragande i segnene om Åsgårdsreia går mellom anna ut på at måten ein kan beskytte seg mot den på, fell saman med måten eit moralsk oppegåande menneske skulle leve i dåtidas samfunn.

– Dei bidrog til å organisere og styre kva menneska gjorde og kvar og når dei bevegde seg. Det gjorde samfunnet lettare å kontrollere.

– Overtru

Segnene om Åsgårdsreia vart i hovudsak samla inn på 1800-talet, av folkeminnesamlarar som mellom andre Olav Sande og Peter Christen Asbjørnsen.

– Det vi har kjelder til er tidleg nytid, det vil seie 1600- og 1700-talet. Om trua går endå lenger tilbake er vanskeleg å seie noko sikkert noko om. Det er heilt mogleg, men når vi kjem tilbake til mellomalderen skrumpar kjeldene inn.

Opp gjennom tidene hadde geistlege i den norske kyrkja skiftande syn på folketrua og Åsgårdsreia. Ohrvik seier at det utover 1700-talet vaks fram ein tanke om at folketrua skugga for gudsdyrkinga.

– Kyrkja og særleg prestane såg etter kvart på det som rein overtru. Dei syntest at folk trudde for mykje og at folketrua vart lagt for mykje vekt på. Slik at den skugga for den sanne gudsdyrkinga.