Hopp til innhold

Siste nytt

  • Plasserer ut 200 elsparkesyklar

    I løpet av april håpar selskapet Mates å plassere ut 200 elsparkesyklar i Sunnfjord kommune. Fleire stadar elles i landet har sparkesyklar ført til konfliktar og ulukker. Ordførar Jenny Følling seier dei tar med seg erfaringane ein har frå andre stader, men at det førebels ikkje er aktuelt med eigne lokale reglar for elsparkesyklar.

  • Bru stengd – bilar kilt fast

    To biler har kilt seg fast på brua i Utvik. Politiet skriv på Twitter at det skal vere ein personbil og ein bubil som har møtt kvarandre. Personar er uskadde, men sit fast i bilane. Bilane må trekkast frå kvarandre. Vegen er stengd.

  • Flåmsbana stengt

    Flåmsbana er no stengt etter at det har gått eit snøskred ved Berekvam stasjon i Flåmsdalen. Snøskredet skal ha teke med seg nokre køyreledningar, og det er usikkert kor tid Flåmsbana kan opne att.

  • – Ulovlege innkjøp på Knutholmen

    Heilt fram til vårparten i fjor hadde Kinn kommune ei rekkje kommunale møter på Knutholmen i Kalvåg, utan at oppdraget lagt ut på anbod. – Innkjøpa var dermed ulovlege, seier Bjørn Hollevik (biletet), leiar i kontrollutvalet i Kinn Kommune. I tidsrommet 2017 til desember 2019 brukte kommunen to millionar kroner på middagar, vin og overnatting på Knutholmen. 21. februar må rådmannen i Kinn forklare pengebruken overfor kontrollutvalet.

    Bjørn Hollevik
    Foto: erlend Blaalid Oldeide / NRK
Laster innhold, vennligst vent..