Fylkeshuset ved Njøsaelvi på Hermansverk. Arkivfot: Cosmin Cosma.
- Vi har jo påpeikt faren for flaum og at det kan kome vatn inn i bygningane, seier fylkesgeolog Bjarn Falck Russenes.
Han sit i tredje etasje i fylkeshuset og ser rett ned på Njøsaelvi. Då det vart kjent av fylkeskommunen hadde planar om å byggje eit nytt fylkesarkiv berre få meter frå elva gav han beskjed til byggningssjefen om farene ved dette. Han vart ikkje høyrd og heller ikkje Leikanger kommune, som gav byggjeløyvet, visste om fylkesgeologen sitt syn på saka.
- Det som vert nemt i kantina kan eg ikkje svare for, seier
avdelingsingeniør, Arild Henjum.
Kan ikkje hugse åtvaringar
Bygningsansvarleg i fylkeskommunen og tidlegare sjef for Bjørn Falck Russenes, Torolf Norheim, vil ikkje la seg intervjue om saka. Men han kan ikkje hugse at fylkesgeologen, som sit i same etasje, gjorde dei merksame på flaumfaren ved å bygge så tett Njøsaelvi.
I forrige veke sa Inge Lavoll i NVE at det var ein tabbe å bygge fylkesarkivet til 25 millionar kroner så nære elva.
- Ingen tabbe
Det var Arild Henjum som gav byggjeløyvet. At både fylkesgeologen og NVE stiller spørsmål ved dette løyvet forstår han. Men at det var ein tabbe avviser han.
- Nei, eg meiner det framleis er rette plassen å ha fylkesarkivet. Etter det eg kjenner til har det framleis ikkje kome vatn inn i fylkesakrivet, seier Henjum.