Her gjekk truleg Anne Slåtten på veg til jobb.
Anne Slåtten skulle på arbeid ved Helsetunet i Førde sentrum søndag morgon klokka halv åtte. Fem minutt på sju same morgonen kan ho ha blitt observert ved sjukepleiehøgskulen gåande på veg mot Førde. Dette ville også vere den naturlege vegen for henne å gå på arbeid.
Observasjonen vart gjort av ei kvinne som skulle på arbeid ved Sentralsjukehuset. Kvinna vil ikkje vere kategorisk, men seier at ho møtte ei høg, lys kvinne, tidleg i 20-åra. Avdøde Anne Slåtten er ein meter og 78 centimeter.
Tidleg i går fekk politiet inn tips om at ein av naboane til funnstaden hadde høyrt fleire skrik frå ei kvinne søndag morgon. Tipsaren kunne ikkje seie noko om tidspunktet, anna enn at det hadde vore lyst ute.
Vakna av skrik
Ein annan nabo seier til NRK Sogn og Fjordane at han vakna av fleire skrik ei natt nyleg. Han er relativt sikker på at det var i løpet av søndagsnatta. Han seier dei er vande med å høyre rop frå festdeltakarar til og frå Førde - men at dette var annleis. Han høyrde først skriking, så var det stille nokre sekund, og så kom det eit nytt skrik litt etter.
Men ropa treng ikkje å ha noko med denne saka å gjere. Naboen såg heller ikkje på klokka, men trur det må ha vore tidlegare enn i sju-halv-åtte tida. Sjølv stod han opp i halv åtte-åtte tida.
Ber om tips
Politiet gjekk frå husvære til husvære måndag ettermiddag og kveld, og bad også om tips frå publikum som kan ha sett noko søndag morgon. Lensmann Kjell Fonn seier at dei no har fått inn over 20 tips, men at dei framleis er svært interesserte i fleire tips.