NRK Meny
Normal

Høyr Sveinung Rotevatn (V) fortelje om si verste medietabbe

NORDFJORDEID (NRK): Klokka tikkar mot valtid. Bli betre kjend med Sveinung Rotevatn, Venstre sin kandidat på tinget.

Sveinung Rotevatn (V) fortel om draumejobben og sin største mediatabbe.

RADIOPORTRETT: Høyr heile intervjuet med Sveinung Rotevatn over.

Sveinung Rotevatn med slagord-plakat

SLAGORD: Sveinung Rotevatn deltok i slagordkonkurransen til Politisk kvart med "Folk bør få vere litt meir i fred".

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

30-åringen frå Nordfjordeid legg ikkje frå seg valkampen sjølv om rockefestivalen Malakoff er i full gang rundt han.

Han kjempar for å få behalde setet på Stortinget han held for Sogn og Fjordane Venstre. Det er nemleg så bra det kan bli for han.

– Eg har draumejobben no, seier Rotevatn.

Får han behalde setet sitt vil han kjempe for færre kommunar i Norge.

Har framleis trua på kommunereforma

Sveinung Rotevatn er frå Eid kommune. Men hytta hans ligg i Selge, så for han er den nye Stad kommune ei topp løysing.

– Eg trur dei to kommunane kan fungere bra som ein stor kommune. Vi har jobba mykje på Stortinget for å få dette til, seier Venstre-politikaren.

Han let seg ikkje bekymre av at ein del av Vågsøy ligg i mellom dei to kommunane.

– Det er nok ein fordel at kommunane er tettast mogleg integrert også geografisk. Men her har samanslåinga skjedd frivillig lokalt, så då må ein akseptere det, meiner Venstre-politikaren.

Tabba seg ut som fersk i spelet

Rotevatn har trass sin unge alder, mange år i politikken bak seg. Alt har ikkje alltid gått som planlagt.

– Eg var heilt fersk valkampsekretær for venstre i Sogn og Fjordane i 2009. Eg hadde sendt ut ei pressemelding om valmøte hos lotteri- og stiftingstilsynet for å vise at vi er for utflytting av statlege arbeidsplassar, fortel Rotevatn.

Det han ikkje tenkte på var at eit politisk parti ikkje kan ha møte hos ein statleg etat.

– NRK plukka jo opp dette. På veg ned til Førde høyrde eg om saka i radioen, og det var ramsalt kritikk. Då fekk eg ein slik klump som sank lengre og lengre ned i magen. Det var jo berre min feil.

Høyr meir om Sveinung Rotevatn og korleis han taklar tabbar i radioportrettet øvst i saka.

Sveinung Rotevatn spelar tverrfløyte

SKJULT TALENT: I portrettet kan du høyre Sveinung Rotevatn spele MGP junior-favoritten "Vestlandet" på si tverrfløyte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.