Hopp til innhold

Høyr korleis ordføraren jublar over VM-gullet

Stryn-ordførar Sven Flo legg ikkje skjul på kor hoppande glad han er over VM-gullet til Johannes Thingnes Bø.

Sven Flo i Kollen

YES: - Dette er berre heilt fantastisk, jublar ordførar i Stryn, Sven Flo, her under VM-stafetten saman med den eine dottera si.

Foto: privat

– Iaaaaaaaaah, så glad er ordføraren i Stryn. Eg er så stolt av den gjengen at eg har ikkje ord, seier Stryne-ordførar Sven Flo.

Han er på veg heim frå Holmenkollen og fekk med seg Johannes Thingnes Bø sin thrilleravslutning på fellesstarten i VM i skiskyting på radio i bilen. Men stafetten laurdag fekk han med seg live.

– Eg hadde ein fantastisk dag under stafetten i går. Det var heilt magisk. Og det som skjedde i dag er heilt utruleg. Johannes er rett og slett ein råtass, seier Flo.

Fantastisk opptur

Sjølv om han håpte var han slett ikkje sikker på at skiskyttargutane skulle innfri medan han var i Holmenkollen.

– Det har jo gått litt opp og ned under VM. Men det som skjedde laurdag og i dag er berre heilt utruleg. Det har vore ein fantastisk opptur, seier Flo.

Han rosar dei to skiskyttar-brørne frå Stryn.

– Dei har jobba og slite for dette, og at dei får edlaste valør er berre utruleg bla. Eg er mektig imponert og utruleg stolt for å kunne representere Stryn som ordførar, seier Flo.

Johannes Thingnes Bø på besøk på kongetribunen etter seieren på fellesstarten.

MØTTE KONGEN: Johannes Thingnes Bø og kong Harald såg ut til å ha ein triveleg prat på kongetribuna.

Lovar kjempefest

Han lovar fest, heider og ære når Bø-brørne set nasen mot Stryn.

– Eg kjem til å få med meg fleire for å sjå korleis vi skal få det til. Vi må først finne ut når dei er heime, og så skal vi lage ein kjempefest, seier Flo.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, er minst like glad som Flo over innsatsen til Bø-brørne i VM.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk. Og avslutninga til Johannes var heilt enorm. Men også stafettgullet der vi har to gutar frå Sogn og Fjordane som utgjer halve stafettgullet og er verdsmeistrar – eg får heilt gåsehud, jublar Følling.

Betyr mykje for fylket

Ho karakteriserer helga som fantastisk.

– Alle gratulasjonar til brørne Bø, til Stryn og til heile Sogn og Fjordane. Vi er utruleg stolte av desse gutane, seier Følling.

Jenny Følling

VIKTIG: - Slike prestasjonar gjer noko med oss, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ho kjenner seg privilegert som har slike idrettsmenn med røter i hennar fylket.

– Dette set Sogn og Fjordane på kartet, og det gjer noko med sjølvkjensla vår. Vi får det faktisk til. Vi har fantastiske ungdommar som hevdar seg i verdstoppen, og det å få to verdsmeistrar på eit stafettlag, det er historisk, seier Følling.