Hopp til innhold

Ho imponerte alle med fantastisk song

Fredag ettermiddag kunne du høyre og sjå NRK CountryLutt live på radio og nett. Gjekk du glipp av det? Fortvil ikkje: her kan du høyre både heile konserten og den heilt spesielle 13-åringen som imponerer alle.

Alice Hugøy Kucevic

ALICE OG DOLLY: Høyr talentfulle Alice Hugøy Kucevic synge Dolly Parton sin Jolene lenger nede. Du kan også høyre heile konserten.

Foto: Steinar Lote / NRK

For ein herleg dag, for eit herleg publikum! Velkomen til Breim og velkomen til konsert!

Slik opna programleiar Gro Ravnestad CountryLutt, der unge talent frå Sogn og Fjordane vart presentert fredag. Men dei frammøtte fekk også høyre erfarne country-artistar som har hatt country-musikken i blodet i fleire tiår.

Ramma rundt konserten kunne knapt vore betre. Fjordhestane beita i nærleiken, sola strålte, og programleiar Ravnestad meinte det var like heitt som i Nashville

Opninga stod bandet Longhorn for. Dei har spelt på festivalen kvart einaste år, minus det første året. I 19 år har dei altså gleda festivalegjestane på Breim. Tre av dei starta som pop-musikarar på 60-talet, men country-musikken tok over.

Ho er berre drita kul

I motsett ende av aldersskalaen var ei unge jente som spelte ikkje mindre enn to låtar.

For endeleg fekk også publikum høyre 13-år gamle Alice Hugøy Kucevic. I fjor vann ho country-konkurransen til Norsk Countrytreff, men måtte melde pass til festivalhelga grunna ein allereie bestilt ferietur.

Men i april i år van ho konkurransen for andre gong på rad, og i år kunne ingenting stogge det unge talentet.

– Det er første gangen eg er her, og det er utruleg gøy, seier Kucevic, som finn inspirasjon frå ei dame som kunne vore bestemora.

– Countrymusikken har inspirert meg meir og meir, og spesielt Dolly Parton. Ho er drita kul!

Å digge Country som 13-åring kan gjere at du ikkje heilt matchar venene dine sine musikksmak.

– Dei likar meir RnB-musikk, men country er berre kjempekult. Eg likar det veldig godt!

Og akkurat det er nok alle dei frammøtte og alle som høyrte konserten live på radio eller nett veldig glade for. Men fortvil ikkje om du gjekk glipp av prestasjonen til Kucevic då ho sang Jolene:

Her kan du høyre begge låtane, den andre saman med Anders Førde Midtbø band, som også er plukka ut gjennom talentkonkurransen.

Høy heile NRK CountryLutt her

Ein annan ung musikar som stod på scena på festivalområdet denne fredagen var Dan Mikal Ripe Frøystad frå Jølster. Han er kanskje mest kjent som ein av medlemmene i Gunslingers. Men på NRK Countrylutt er det han som er stjerna, og bandet har han med for å vise fram sin eigen musikk.

Longhorn frå Lærdal er som nemnd fast inventar på Norsk Countrytreff. Dei er fylket sitt eldste countryband og har vore spelt på NRK Sogn og Fjordane hyppig i mange år.

Ein unik smakebit av Blågras, der Sigrid Moldestad samla spennande artistar innan folkemusikk, roots og country heime på Breim var også ein del av programmet.

I tillegg fann vi Empty Bottles Broken Hearts på artistlista. Dette er eit spennande band som har spelt på Bylarm i Oslo, med mellom andre Vegard Urne frå Gloppen.

Høyr alle saman og heile konserten her!