Hopp til innhold

Høyr dei fortelje om livet som krigsseglar

Dei gamle naboane frå Dalen i Bremanger, Ola Svarstad (89) og Henrik Svarstad (90), minnast enno turane over Atlanterhavet i detalj. 70 år etter dei sette livet på spel som krigsseglar under andre verdskrigen.

Henrik Svarstad

HENRIK SVARSTAD: 70 år etter den andre verdskrigen hugsar 90 år gamle Henrik Svarstad framleis mykje av det som skjedde.

Foto: Kari Midtgård Råsberg / Fjordenes Tidende

Henrik gjekk inn i handelsflåten i livsfarleg fart mellom USA og England. I ein båt på dryge 40 fot fór dei over Nordsjøen i september 1941. Nesten berre ungdomar, 17 og 18-åringar, ombord.

– Vi var nokre ungdomar som fann ut at vi ikkje ville vere her, men ta turen over. Vi var over 50 som fór. Vi vart fort vaksne, seier Ola Svarstad.

– Turen gjekk fint. Vi måtte gå sjølve frå Shetland til Skottland. Det var det ikkje mange som gjorde, men vi måtte det, seier Henrik Svarstad.

– Mykje frykt

Ola Svarstad

OLA SVARSTAD: Krigsseglar Ola Svarstad i marineuniform, bilete teke under krigen

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dei gjekk mellom New York og Liverpool i starten, og gjekk åleine, ikkje i konvoi. Ei farleg reise.

– Vi hadde mykje frykt. Det var oftast om natta båtar vart torpederte. Vi såg andre som vart torpederte, seier Henrik Svarstad.

– Vi lyt leve med det som skjedde. Det er noko vi lever med heile tida, seier Ola Svarstad, som likevel ikkje har tenkt på det å ta andre sitt liv seinare. Han seier dei var opplærte til det.

– Det var anten å døy eller at andre skulle døy. Slik var det.

Måtte vente 70 år på anerkjenning

Henrik Svarstad fekk krigsmedaljen sin 17. mai 2014. Over 70 år etter han utsette seg for livsfare i årevis for å frakte livsviktig last over Atlanterhavet. Ein kaptein i militæret spurde han tilfeldig om han hadde medalje. Då Henrik Svarstad svara nei, vart han kalla opp for å få medaljen.

– Eg hadde ikkje rekna med eg skulle få noko. Men vi var tre som fekk på 17. mai. Og det er mange som ikkje har fått enno.

– Veit du det?

– Ja. Ja.

Høyr dei utrulege historiene: både om båtar rundt dei som vart torpederte, korleis dei var med på å senke tyske båtar, den utrulege historia om korleis Henrik berga livet på grunn av ein draum, og korleis dei framleis er prega av det som skjedde under krigen – rundt 70 år etterpå: