Hopp til innhold

Høyangjente heva trofeet

Stabæk og Siri Nordeide Grønli frå Høyanger gjorde som dei ville i kvinnenes cupfinale mot Røa.

Siri Nordeide Grønli hevar kongepokalen.

POKALEN: Siri Nordeide Grønli kan heve kongepokalen etter 4–0 over Røa i kvinnenes cupfinale i fotball.

Foto: NRK

Leikanger-jenta Elise Thorsnes leverte ein god kamp for Røa, men det hjelpte så lite. Allereie då laga gjekk til pause hadde Ada Stolsmo Hegerberg meir eller mindre avgjort finalen med tre mål.

Då Caroline Graham Hansen sette inn 4–0 vel 20 minuttar før slutt, var det spikaren i kista for Røa. Siri Nordeide Grønli lova fredag at finalen skulle avgjerast langt tidlegare enn i fjor. Ho fekk heilt rett.

– Dette er ei så god kjensle å vise at du er noregsmeister. Akkurat no kjenner eg meg berre lukkeleg, jublar Nordeide Grønli på telefon frå garderoben.

Revansjelystne

Stabæk har akkurat slått erkerivalen ned i støvlane i sjølvaste cupfinalen, og har teke imot Kongepokalen som synleg bevis på at dei er cupmeistrar.

I kampen gjorde stort sett Nordeide Grønli og lagveninnene som dei ville. Spesielt etter den andre scoringa.

– Vi var innstilt på å få ting til å sitje. Eg merka det før kampen, det var ei heilt spesiell stemning. Sist vi møtte Røa, så scora dei tre raske mål og vann til slutt 3–1. Det skulle vi revansjere, seier 28-åringen frå Høyanger.

– Dei vann fortent

Elise Thorsnes var skuffa etter cupfinaletapet i fjor. Også då var det Stabæk som trekte det lengste strået. Nordeide Grønli sette like godt inn det avgjerande straffesparket, etter at kampen ebba ut med 2–2 etter ekstraomgangar.

Like skuffa var ikkje Leikanger-jenta etter laurdagens cupfinale på Åråsen.

– I fjor var det måten vi tapte på. I dag følte eg første omgang var jamn, men Stabæk har dei enkeltindivida som kan avgjere. Dei vinn fortent, seier ho.

Store sjansar

Sjølv hadde Thorsnes to store sjansar som fort kunne gjeve utteljing før pause. Røa hadde også lustringen Kine Kvalsvik på benken.

– Vi hadde nokre store sjansar, men ballen ville ikkje inn. Den trilla ikkje vår veg, oppsummerer ho og legg til at det sjølvsagt er surt å tape ein cupfinale. Spesielt mot erkerival Røa.

– Det har ikkje vore noko jubelsesong for vår del, men vi fekk andreplass i cupen og det er stort det også, seier ho.

Var ikkje avgjort

Medan Røa-trenar Geir Nordby sa til NRK no ved pause at kampen var avgjort, hevdar Nordeide Grønli hardnakka at dei ikkje tok sigeren på forskott.

– Dei leia 3–0 mot oss på Nadderud, og vi kom tilbake og dominerte stort. Røa er eit godt lag og har cuptradisjonar, så vi visste at dette kunne snu. Vi snakka om at dette ikkje var noko dans på roser og at vi måtte ta resten av kampen på alvor, seier 28-åringen.

– Berre moro

Røa køyrte offensivt til verks etter kvilen og sette inn landslagsspelar Lene Mykjåland.

– Dei gjorde endringar og vart offensive. Det er ein vinn-vinn situasjon for oss ettersom vi får meir rom. Då var det berre å køyre på, seier Nordeide Grønli og tykte den sjuande cupfinalen alt i alt vart ei fantastisk oppleving.

– I dag var det berre moro. Vi har ein fantastisk supporterskare som syng 90 minuttar pluss. Det er herleg med slik trøkk frå publikum. Du får tryggleik og kjenner deg autoritær og heilt konge, avsluttar Høyanger-jenta.