NRK Meny
Normal

Høyangerverksemd med suksess

Verksemda Overflateteknikk i Høyanger har dobla omsetnaden i år i høve til i fjor, og reknar med å omsette for kring 22 millionar kroner i løpet av året.

Høyangerverksemda opplever nemleg svært stor interesse for konseptet dei har utvikla for reingjering av utstyr i oljeindustrien. Det seier medeigar Johnny Litzheim.

- Det er veldig mange på norsk sokkel som spør etter dei tenestene vi kan tilby, seier han.

Vasking av røyr

Verksemda Overflateteknikk i Høyanger har spesialisert seg på å tilby konsept for vasking av utstyr som, tankar og røyr i oljeindustrien. I dag blir dette vanlegvis skrudd i frå kvarande og opna opp når det skal reingjerast . Men med Høyanger-verksemda sin metode kan ein reingjere utan at ein treng å opne tankane. Dei har i tillegg utvikla målemetodar for å måle verdiar, slik at ein veit om det er reint.

- Sparepotensialet er veldig stort, seier han.

Ikkje fleire tilsette no

Men mange svært vellukka oppdrag den siste tida, jobbar Overflateteknikk no aktivt mot å sikre seg nye kontraktar. I dag har verksemda kring 20 årsverk. Men trass suksessen betyr ikkje det automatisk nye arbeidsplassar til Høyanger

- Sjølv om det no går bra, så er eg berre middels optimistisk. Eg veit det skal lite til for å bli vippa av pinnen. Men får vi auka etterspurnad og fleire kontraktar, så må vi ta inn meir folk, seier han. 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.