Hopp til innhold

Høyangertunnelen utan naudnett: – I verste fall blir vi ståande hjelpelause på utsida

I haust skal den 7,5 kilometer lange tunnelen oppgraderast for vel 170 millionar kroner, men fylkeskommunen droppar naudnett. Naudetatane slår no kraftig alarm.

Motorsykkelulukke i Høyangertunnelen

FÅR IKKJE NAUDNETT: Naudetatane fryktar at dei ikkje vil greie å kommunisere med kvarandre ved store ulukker. Biletet er frå 2011 då ein motorsyklist omkom etter ein kollisjon med ein personbil i Høyangertunnelen.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Ei øving gjort nyleg viste at tryggleiken vil ha alvorlege manglar utan naudnett, det seier brannsjef i Høyanger, Olav Nordgulen.

– Alle ønskjer å hjelpe til viss det skjer ei alvorleg ulukke. Men vi kan ikkje sende folk inn utan å vite nokon ting. I verste fall blir vi ståande hjelpelause på utsida, utan å kunne redde, seier han.

– Nesten ein skandale

Olav Nordgulen

UROLEG: – Eg meiner det er nesten er ein skandale, seier brannsjefen i Høyanger.

Foto: Privat

I haust skal tunnelen oppgraderast for vel 170 millionar kroner, men fleirtalet av fylkespolitikarane vil ikkje bruke dei 50 millionane ekstra det kostar å få på plass det nye naudnettet.

Årsaka er at trafikkmengda ligg under kravet. Forskrifta seier at tunnelar med trafikk på under 5000 bilar i døgeret ikkje er pålagt å ha naudnett.

Likevel håplaust, meiner brannsjefen.

– Eg meiner det er nesten er ein skandale. Det ein av dei lengste tunnelane i Norge og han er i kurvatur, slik at naudnettet berre når nokre få hundre meter. Då har vi 7,5 kilometer utan radiosamband eller naudnett, seier han.

Vil diskutere å endre vedtak

Per Rimmen

– VIL TRYKKE PÅ: Også politiet ønskjer naudnett etter oppgraderinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / privat / NRK

Også politiet ber no fylkeskommunen om å tenke seg om ein gong til, det seier Per Rimmen, fagleiar for samband i politiet i Sogn og Fjordane.

– Vi vil trykke på for å få naudnett, slik at vi kan gjere den jobben vi er sett til å gjere den dagen det skjer noko, seier han.

Les også: Brannsjef: – Det verste vi kan vere med på

Leiar i Samferdsleutvalet til fylkeskommunen Arnstein Menes frå Senterpartiet var ein av dei som i fjor røysta i mot naudnett.

– Utgreiinga vi fekk til handsaminga i fylkestinget var tydeleg på at vi tilfredsstiller krava i tunnelforskrifta. Men eg registrerer rapporten som kjem no og på neste møte i samferdsleutvalet kjem vi til å gå gjennom den. Så får vi diskutere om det er grunnlag for å endre vedtaket vi har, seier Menes.

Distad vil ha naudnett

I oktober i fjor føreslo Høgre, Venstre og KrF å bruke 50 millionar kroner på naudnett, Høgre sin gruppeleiar Noralv Distad meiner framleis at naudnett bør på plass under oppgraderinga no i haust.

Noralv Distad avsluttande valdebatt 10. september 2015

STÅR PÅ SITT: Høgre føreslo i 2014, saman med Venstre og KrF, å installere naudnett i Høyangertunnelen. Noralv Distad (H) har ikkje endra syn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Trafikken er ikkje veldig stor, men vi må òg ta omsyn til lengda på tunnelen. Eg er heilt sikker på at det vil kome krav til naudnett i nær framtid, då vil det bli enno dyrare å ta det att, seier han

I Høyanger meiner brannsjef Olav Nordgulen at det blir svært krevjande å drive redningsarbeid utan at naudnettet kjem på plass.

– Det burde ikkje vere slik at det er avhengig av kvar du er i Norge om du får naudnett. Eg meiner Vegstyresmaktene burde sett krav til naudnett i tunnelar over ei viss lengde, seier han.