Hopp til innhold

HØYANGER: Går mot reint fleirtal for Ap

Noverande ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap) held fram i ordførarstolen.

Petter Sortland held fram som ordførar

GLAD ORDFØRAR: For Petter Sortland og Arbeidarpartiet ser det førebels ut til at dei slepp å tenke på samarbeid med andre parti.

Foto: Privat

Vallogo

– Eg er veldig god nøgd. Det er klart at etter ein lang valkamp og dette med at Ap har hatt makt i Høyanger meir eller mindre sidan 1920-talet, så er ein veldig spent på korleis veljarane vil ta i mot deg, seier Sortland.

Ekstra kjekt var det for ordføraren i og med at det er første attval for han. Ap fekk heile 48,5 prosent av stemmene og går fram med 1,7 prosentpoeng sidan førre kommuneval.

– Veldig glad og veldig audmjuk

Arbeidarpartiet går fram med eitt mandat i industrikommunen. Alle prognosar tilseier at dei får 11 representantar i kommunestyret. Dermed kan det gå mot reint fleirtal i kommunestyret i Høyanger for Ap.

Det er ikkje første gong for Høyanger, men likevel er det sjeldan med fleirtal i moderne tid, vedgår Sortland som er svært glad for å få vere ordførar i fire nye år.

– Du blir veldig glad og du blir veldig audmjuk og takksam for alle som har stemt på deg. No blir det vår politikk som skal gjennomførast så det er også ei stor forplikting som vi må levere på, seier han.

Lite hestehandel i Høyanger

I mange av kommunane er hestehandelen allereie godt i gang, der partia må finne ut kven dei skal samarbeide med.

– Det blir nok litt rolegare hos oss. Først må vi sjå om vi har reint fleirtal, men har vi det vil vi nok ikkje forhandle så mykje, seier han.

Det einaste partiet som har noko som helst å syne til ved sidan av Ap er Senterpartiet med sine 23,8 prosent. Dei aukar med 4,8 prosentpoeng frå valet i 2011 og er partiet som aukar mest.

Høgre tapar heile 7,6 prosentpoeng frå førre kommuneval og er såleis den store taparen i Høyanger. Miljøpartiet dei grøne går fram nest mest, og aukar med tre prosentpoeng.

Ingen kan ta ordførartittelen frå han

Men at ordførarstillinga skal gleppe for Sortland er rett og slett ikkje mogleg.

– Då trur eg at VG, Dagbladet, Nettavisen og kva det måtte vere må ringe. Det ville verte å undervurdere veljarane i Høyanger.

Trass i at Sortland no er svært motivert for fire nye år som ordførar i Ap-bastionen Høyanger, blir det dårleg med feiring i kveld.

– Nei, eg trur vi får heim att og legge oss. Ikkje blei det noko valvake på oss, så når vi får roe oss litt så tenker vi at vi får heim og legge oss. Vi som har vore her på rådhuset og teke oss litt pizza og brus, så eg tenker det får halde. Det er tilbake til jobben i morgon, seier han.