Dette opplyste ordførar Kjartan Longva i Høyanger på ein pressekonferanse i ettermiddag.
Svein Milford er styreleiar i det nye selskapet Fundamus, som er skipa for å ta over drifta i Fundo. Milford har mange verv i norsk næringsliv og er m.a. styreformann i Lerøy Seafood. I styret sit òg Eirik Prytz som er økonomisjef i Hydro, og fylkesmann Oddvar Flæte. I tillegg må dei tilsette velje to styrerepresentantar.
Ei av hovudoppgåvene for Fundamus blir å finne nye investorar i felgprodusenten. -Det er ikkje noko mål for kommunen å eige selskapet i framtida, sa Longva. Ordføraren understreka at ein føresetnad for kommunen er at det nye selskapet får ein sunn økonomi slik at ein ikkje kjem i ei ny krise om eit halvt år.
Longva skisserer tre moglege scenario som alle gir vidare drift:
- Gjeldnemnda finn ei løysing med kreditorane, noko som gir vidare drift med dei same eigarane.
- Verksemda blir slegen konkurs og nye eigarar kjøper Fundo.
- Verksemda blir slegen konkurs og det nye kommunale selskapet overtek drifta.
Longva fortalde òg at vegen til skifteretten fredag den 12. oktober vart stogga av at Høyanger kommune la inn eit bod på 1 million kroner på Fundo. Dei arabiske eigarane fann dette såpass interessant at det gav eit pusterom.
Gjeldtingingane opna klokka to i dag.
Tillitsvald ønskjer konkurs
Hovudtillitsvald for Høyanger kjemiske, Leif Larsen, er fornøgd med at eit nytt selskap er på plass til å ta over om det blir nødvendig.
Han er kritisk til dei noverande eigarane, og er glad for at det kan bli nye eigarar. Samstundes seier han at også dei tillitsvalde har gjort for lite for bedrifta.