Hopp til innhold

Årets sykkeltalent gir premien til barndomsklubben

Det norske folk har røysta fram Sedrik Ullebø (18) som årets sykkeltalent.

Sedrik Ullebø

TALENT: Det norske folk har talt. Sedrik Ullebø frå Høyanger er det største sykkeltalentet i Norge.

Foto: Harald Pettersen

Resultatet vart offentleggjort under sykkelrittet Arctic Race of Norway i Bodø.

– Det er stort å vinne. Det var uventa. Kanskje får eg prisen fordi eg er godt likt. Eg prøvar å vere omgjengeleg med alle, seier 18-åringen om å vinne prisen.

– Eit stort talent

Sedrik Ullebø er ein av seks handplukka sykkeltalent som i sommar har kjempa om den gjeve prisen Statoil årets sykkeltalent. Det er ein jury frå Norges Cykleforbund som i samarbeid med Statoils Morgendagens Helter som har plukka ut dei nominerte.

Talenta vart presentert gjennom innslag på TV2 under Tour de France i juli. Sidan har det norske folk røysta på sin favoritt.

– Sedrik Ullebø har eit stort talent for å trene, noko som er heilt avgjerande for å utvikle sitt talent, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef i Statoil, i ei pressemelding.

Gir vekk premie

UIlebø kjempa om stemmene mot Iver Johan Knotten (Tønsberg CK), Kristoffer Halvorsen (Kristiansand CK), Silje Fiskebekk (Svilsand BMX), Thea Siggerud (Soon CK) og Brage Vestavik (Devinci Global Racin).

Høyangersyklisten har i år vunne dei to rundene han har delteke i av Norgescupen. Med det er han på andreplass i samandraget i klassa M Junior.

Ullebø konkurrerte på sykkelsetet for første gang som niåring, og har som mål å bli proffsyklist. Premien på 50.000 kroner gir han til Sogn Cycleklubb.

– Dei har vore med og støtta meg heile tida, og det er den einaste klubben eg har hatt tilknyting til. Då tykkjer eg dei fortener det, seier Sedrik.