Hopp til innhold

Høyanger seier nei til storkommune

Innbyggjarane i Høyanger vil ikkje ha noko samanslåing med andre kommunar. Det er det klare rådet i folkerøystinga.

Høyanger

NEI: Innbyggjarane i Høyanger ynskjer verken Hyllestad eller Balestrand med i ein storkommune.

Foto: Alf Vidar Snæland

I alt 1.408 av innbyggjarane i Høyanger har røysta. Av dei har 947 eller 67,3 prosent røysta for å halde fram som eigen kommune.

Alternativet å slå seg saman med Balestrand fekk 259 røyster - 18,4 prosent, medan alternativet med også å inkludere Hyllestad fekk 202 røyster - 14,3 prosent.

– Klart råd

Petter Sortland

– KLART RÅD: Ordførar Petter Sortland er godt nøgd med utfallet.

Foto: Arve Varden

– Innbyggjarane har gitt oss eit klart råd. Eg trur det gode, desentraliserte tenestetilbodet vårt har vore utslagsgjevande, seier ordførar Petter Sortland.

Han seier at dei har vore gjennom ein grundig prosess og fått til gode internsjonsavtalar med Hyllestad og Balestrand. Likevel har politikarane i Høyanger signalisert at dei helst vil stå åleine, og no har dei fått støtte for det blant dei som har sagt si meining i ei folkerøysting.

– Let de no att døra for Balestrand og Høyanger?

– Eg kan ikkje forskottere kva kommunestyret seier den 16. juni, men før folkerøystinga var 19 av 21 representantar skeptiske til samanslåing, og det er vel ikkje grunn til å tru at nokon av dei 19 har endra standpunkt etter denne dagen.

Laster innhold, vennligst vent..

Låg valdeltaking

I alt er det 3.367 røysteføre i kommunen. Valdeltakinga var 41,8 prosent.

– Eg hadde gjerne sett at fleire hadde møtt opp og røysta, men eg er OK nøgd, seier ordføraren.

Han vil ikkje seie noko om kva kommunen gjer dersom innbyggjarane i Nesse krins i Balestrand ynskjer å bli ein del av Høyanger kommune.

– I utgangspunktet ynskjer vi alle velkomne til Høyanger, men dette blir ikkje noko tema på kommunestyremøtet 16. juni. Det er Fylkesmannen som må ta avgjerd i slike spørsmål.

Her er valresultata for skulekrinsane i Høyanger:

  • Bjordal: Åleine 78,5, Balestrand 9,7, Balestrand og Hyllestad 11,8 prosent
  • Lavik: Åleine 68,9, Balestrand 14,1, Balestrand og Hyllestad 16,9 prosent
  • Vadheim: Åleine 64,8, Balestrand 14,8, Balestrand og Hyllestad 20,5 prosent
  • Kyrkjebø: Åleine 53,7, Balestrand 17,9, Balestrand og Høyanger 28,4 prosent
  • Høyanger: Åleine 66,8, Balestrand 22,6, Balestrand og hyllestad 10,5 prosent