Høyanger opna dørene

Visjonar og ambisjonar om fleire hundre arbeidsplassar er i ferd med å snu pessimisme til optimisme i Høyanger.

Næringslivsdag i Høyanger.

Eit fullsett samfunnshus fekk høyre verksemdene i Høyanger sine ambisjonar og visjonar om framtida.

Foto: Oddleif Løset

Eit fullsett samfunnshus fekk høyre om små og store verksemder legge fram planar om framtidig drift i Høyanger, og ikkje minst nye arbeidsplassar.

Petter Sortland i Høyanger Næringsutvikling.

Petter Sortland i Høyanger Næringsutvikling.

Foto: Oddleif Løset

- Vi har mista 500 innbyggjarar siste tiår, men situasjonen er ikkje heilsvart, innleia dagleg leiar i Høyanger industriutvikling, Petter Sortland, næringslivsseminaret med.

- Arbeidsplassane kjem

Mykje har skjedd bak lukka dører i Høyanger. Folk har ikkje kunne gå ut med planane, noko som har gjeve grobotn for både rykte og spekulasjonar i bygda. Difor meinte ordførar Kjartan Longva at tida var moden for at utviklinga vart presentert.

- Det er veldig greitt å få orientere folk om kva som skjer, slik at dei kan halde motet oppe. Arbeidsplassane kjem, seier han.

Nyetableringar

Det var ikkje ubetydelege mengder arbeidsplassar det vart lagt fram målsettingar om. Nyetableringane Carbontech og Nordic Power Systems kan tilsaman gje 150 arbeidsplassar på sikt. Førstnemnde skal inn på verksområdet, med planar om oppstart allereie i år.

Arne Olav Østerbø

Arne Olav Østerbø fekk stor applaus då han presenterte verksemda si, Østerbø Maskin.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men også eksisterande verksemder ser føre seg å tilsette fleire dei neste åra.

Nær dobling

Mellom anna kunne Sortland fortelje om Tracksa si måsetjing om å auke arbeidsstokken frå åtte til 15 innan 2012. Gründer Arne Olav Østerbø fortalde om planar om ei nær dobling i arbeidsstokken, til 50 tilsette i 2014, i verksemda Østerbø Maskin.

- Det viktigaste er å få bygda med oss, og kommunen med oss. No har vi fyllt opp alle kjellarleiligheiter i bygda. Skal folk flytte hit så må vi ha husrom, det må vere plass i barnehagen og skulen må vere stor nok, seier Østerbø.

Jon Tonheim

Høyanger har slite med eit dårleg omdøme sidan Fundo-konkursen. - Alle må ta eit tak for å bygge opp omdømet, meiner Jon Tonheim i Kvalitetslosen AS.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Betre omdøme

Jon Tonheim hos Kvalitetslosen, var mellom røystene som etterlyste fleire faktorar for at dei skal kunne utvikle seg. Høyanger treng mellom anna betre omdøme, dei treng eit robust og breidt næringsliv som samarbeider og ein samarbeidsviljug kommune.

Jon Refsnes i Safeclean

Safeclean har gjort seg store frå vesle Høyanger.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Vi må ta ansvar alle mann for å bygge opp att omdømet, seier han.

- Det er mogeleg

Sortland både håpar og trur at det er mogeleg å oppfylle behova.

- Det er både greie og meir komplekse utfordringar. Det største punktet er nok å skaffe nytt arbeid til folk på kort sikt. Vi har mykje spanande prosjekt og tiltak og verksemder, men det er litt ut i tid før vi får sysselsettingseffekt, seier han.