Hopp til innhold

Høyanger kommune vil tilby Arve Varden betre løn

I morgon blir det klart kven som blir ny administrerande direktør i Helse Førde. Dei siste dagane har politikarane i Høyanger prøvd å pønske ut korleis dei kan hindre at det blir rådmannen deira, Arve Varden.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger, er skal snart ta i mot mange asylsøkjarar i kommunen.

VIL BLA OPP: Ordførar Petter Sortland (Ap) seier at Høyanger kommune er klar til å tilby både betre løn og fleire feriedagar for å friste Arve Varden til å bli.

Foto: Bård Siem

– Arve er ein god leiartype og ein veldig god rådmann. Også er han frå Høyanger. Han har vore ein stor ressurs for oss dei siste sju åra, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).

Førre veke vart det kjent at rådmann i Høyanger Arve Varden er ein av dei som har søkt på stillinga som administrerande direktør i Helse Førde. Søknadsfristen på stillinga gjekk ut 20. oktober, og allereie i morgon vil det bli annonsert kven som har fått jobben.

Stillinga vert lyst ut etter at Jon Bolstad gjekk av etter mykje uro i organisasjonen.

Det var Firda som først omtalte saka.

Høyanger-ordføraren seier at han og andre politikarar i industribygda har brukt dei siste dagane på å diskutere kva dei kunne gjere for å halde på den kjære rådmannen sin.

– Vi vart ganske overraska då han søkte på den jobben. Vi sat oss ned og diskuterte kva vi kunne gjere. Vi har kome fram at vi vil kome med eit tilbod om betre løn, og også ein del andre gode, seier Sortland.

Arve Varden

ETTERTRAKTA: Arve Varden er ein ettertrakta mann om dagen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vanskeleg å konkurrere med direktørløna

Frå tidlegare skattelister kan ein sjå at direktøren i Helse Førde vanlegvis tenar mykje meir enn rådmannen i Høyanger.

– Løningane i kommunal sektor er nok lågare enn i direktørstillingar i helseføretaka, men vi kan no gå litt opp.

Ordføraren vil ikkje seie noko om kor mykje dei har tenkt å tilby Varden for å behalde jobben sin. Tidlegare praksis har vore at rådmannen sin løn er den same som ordføraren, men kommunen har bestemt seg for at dei kan bryte det prinsippet for Varden si skuld.

I 2013 tente administrerande direktør i Helse Førde om lag 1,4 millionar kroner. Same året hadde rådmannen i Høyanger meir enn ein halv million mindre i løn.

Varden vil ikkje kommentere saka, anna enn for å seie at han set pris på at folk er fornøgd med jobben han gjer.

– Eg er smigra.