Hydro leverer stålsolide aluminiumstal frå Høyanger - Årdal går i minus

Hydro leverer svært gode tal frå metallverket i Høyanger, trass låge prisar på aluminum. Årdal leverer derimot ein solid minus i første halvår.

Hydro Høyanger Metallverk sett frå Høgebakkane

GÅR BRA: Metallverket i Høyanger går med eit overskot på 20 millionar første halvår i år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Metallverket i Høyanger leverer igjen solide overskot til Hydro. Resultatet før renter og skatt vart i første halvår eit overskot på 20 millionar kroner, ein nedgang på fire millionar i høve same periode i fjor.

– Vi er svært nøgde med resultatet. Vi har svært god produksjon og låge kostnader. Det er mykje av årsaken til det gode resultatet, seier økonomisjef for Høyanger Metallverk, Tor Magne Borlaug.

Ny produksjonsrekord

Hjørnesteinsverksemda i Høyanger sette også ny produksjonsrekord dei første seks månadene i år. I alt produserte verket 31.480 tonn aluminium til verdsmarknaden.

I Årdal derimot klarer ikkje verket å levere like god tal som veslebror lenger ut i Sognefjorden. Tilsamen i årets to første kvartal har Årdal metallverk gått med 18 millionar i minus. Noko som er heile 13 millionar kroner dårlegare enn i same kvartal ifjor.

– Må snu kvar krone

– Det har jo med den marknadssituasjonen som aluminiumsindustrien har over heile verda, seier nytilsett verksdirektør Egil Fredriksen til NRK.no.

Han reknar med at dette dei må rekne med at kjem til å halde fram i ei god stund framover.

– Det betyr at vi framleis må snu på kvar ei krone, framleis er det lite investeringsmidlar. Det er heilt på minimum. Det underskotet vi har, må vi ta inn ved å drive forbetringar, sler Fredriksen fast.

Svært mykje på lager

Som ein av verdas største aluminiumsprodusentar, slit også Hydro framleis med låge prisar og svært mykje metall på lager rundt om i verda. Dette var noko Hydro sin konsernsjef, Svein Richard Brandtzæg, var oppteken av i eit intervju med NRK tidlegare i sommar.

– Når vi har sett oss ambisisøse mål for verka, så er jo det med tanke for at vi skal drive aluminiumsverka i lang framtid. Vi er i ein situasjon der aluminiumsprisen er historisk låg, og også vil vere ekstremt låg i ei tid framover grunna overproduksjon og rekordhøge lager. Det er om lag 12 til 13 millionar tonn aluminium på lager i verda i dag, sa Brandtzæg.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.