– Vi kan trenge 100 tilsette på sikt

Høyanger kan få opp mot 100 nye arbeidsplassar. Det er klart etter at Nordic Power Systems NPS no har bestemt seg for å bygge fabrikken på Kyrkjebø.

Fabrikktomta på Tronvik

TOMTA: Tomta er ferdig planert og parkeringen asfaltert på industritomta ved fv. 55 på Tronvik.

Foto: Simon Solheim / NRK

Statsministeren på Tronvik-tomta i 2009

PÅ SYNFARING: Ap-toppar med Jens Stoltenberg i spissen var 19. mars i fjor innom den byggjeklare fabrikktomta på Tronvik, i samband med eit besøk i Høyanger etter Fundo-konkursen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Styret har kome til at vi har såpass god framdrift og så pass balansert bilete på risiko når det gjeld teknologi, at vi har vedteke å gå vidare med prosjektet og skal sluttforhandle med Siva for å få til bygget, seier administrerande direktør Tor-Geir Engebrektsen i Nordic Power Systems (NPS) til NRK Sogn og Fjordane.

Håpar på byggjestart til hausten

Det har lenge herska uvisse om kor vidt fabrikken ved Tronvik på Kyrkjebø, som kommunen alt har ferdigstilt ei tomt til for eitt år sidan, ville bli ein realitet.

Engebrektsen reknar med å kunne ta det først spadestikket ut på hausten I løpet 2011 reknar han med å kunne starte produksjonen med kring 20 tilsette, for så gradvis auke bemmanning dei komande åra.

60 - 100 tilsette

– I tråd med styrevedtaket er planen at vi er oppe på ein 60-80, og kanskje opp mot 100 tilsette viss ting går riktig bra.

Det er musikk i øyra til Høyanger-ordførar Kjartan Longva (Ap) som i fjor måtte sjå i overkant av 300 arbeidsplassar gå tapt når Fundo Wheels gjekk konkurs.

– Vi er veldig fornøgde med at ein har vedteke å byggje fabrikken, seier Longva.

Ny teknologi

Det er utviklinga av ny teknologi som har gjort at etableringa har trekt ut i tid seier Engebrektsen. Planen er produsere brenselceller ved bruk av ein heilt ny teknologi. Cellene skal kunne nyttast som drivstoff, mellom anna i køyretøy. Også fleire land sine forsvar har snusa på teknologien.

No har NPS fått med seg samarbeidspartnarar i USA og Storbritania. I tillegg syner det seg at dei og kan bruke teknologien til reinsing av NOX i skipsmotorar

– Dette er noko som kjem i tillegg, men som vi har dokumentert i samarbeid med Sintef og Marinetec i Trondheim, der vi har kome så pass langt at vi meiner dette er med og dannar grunnlaget for etableringa, seier Engebrektsen.

Longva: – Vi har fått det vi ønskte oss

Sjølv om det har teke nokre år sidan planane først vart lagt fram, til fabrikken no er vedteken, er Kjartan Longva klar på at han heile tida har vore optimist.

– Utviklinga av teknologien har teke tid. Her snakkar ein om forsking som blir sett i produksjon, seier Longva

Sjølv om prosjektet har drege ut i tid, har ordføraren ikkje vore i tvil om at det skulle komme aktivitet på tomta der statsminister Jens Stoltenberg var på synfaring i fjor.

– No har vi fått på plass det vi ønskte oss. Det er bra.

Truleg produksjon også ved Fundo

Tidlegare denne veka meldte NRK Sogn og Fjordane at det også går mot ny produksjon i lokala til den konkursråka felgprodusenten Fundo Wheels i Høyanger tettstad. Innovasjon Norge som sit på buet, reknar med at ein avtale om ny felgproduksjon vil vere underteikna før skuleferien. Den franske bildelprodusenten Saint Jean Industries ønskjer å produsere Fundo-oppfinninga «hybridhjulet».

– Er nedturen Høyanger no over?

– Eg er også optimist, som Innovasjon Norge, og trur avtalen med franskmennene kjem på plass. Men både felgproduksjonen og NPS vil ta tid å få i drift, så 2010 vil framleis bli eit bratt år for oss, seier Longva.

Kommunen er medeigar

Statlege Siva skal stå som byggherre av fabrikken som blir bygd vis á vis den psykiatriske avdelinga på Tronvik vest for Kyrkjebø, mens Nordic Power Systems skal leige fabrikkbygget.

Høyanger næringsutvikling eig i undekant av 10 prosent av NPS, og har brukt omstillingsmidlar i samband med etableringa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.