Hopp til innhold

Høyang-trenaren ikkje bekymra

Høyang tapte heile 10-2 for Stryn i NM-kvaliken 2.påskedag, men trenar Arvid Fristad er likevel ikkje bekymra før seriestarten laurdag.

 

Arvid Fristad
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Eg hatar å tape, og slike siffer som mot Stryn burde vel bekymre meg, men det gjer det for så vidt ikkje. Ser vi på førsteomgangen, så var den mykje jamnare enn 3-1 ved pause skulle tilseie.

- Vi hadde fleire sjansar som vi brende, så førsteomgangen var eg i grunnen godt nøgd med. Når vi då fekk tre kjappe mål mot oss tidleg i andre omgang, kom det av mangel på konsentrasjon. Då datt litt av botnen ut av laget. Når det gjeld seriekampen heime mot Kaupanger på laurdag er eg overtydd om at eg har eit lag som er svært så revansjesugent, seier Arvid Fristad.