Hopp til innhold

Høyang tener godt på Hovland-sal

Det vil drype godt på IL Høyang etter at midtstoppartalentet Even Hovland har skrive kontrakt med Molde.

Petter Sortland, Even Hovland og Egil B. Mundal

KAN GLISE: Leiar i fotballgruppa i IL Høyang, Petter Sortland, fotballspelaren Even Hovland og dagleg leiar i Sogndal, Egil B. Mundal.

Foto: Montasje

Det var fredag ettermiddag at overgangen vart stadfesta under ein pressekonferanse i Molde. 22-åringen Hovland har spelt i Sogndal sidan 2006 og har lenge hatt ønskje om å forlate klubben. No har han signert ein treårsavtale med Molde.

Etter det NRK kjenner til, skal Sogndal ha fått om lag sju millionar kroner i ei totalpakke for Even Hovland. Det betyr at klubben får ein sum no og ein etter eit visst antal kampar.

Fleire hundre tusen til Høyang

Hovland starta karrieren sin i Vadheim, deretter gjekk turen til fotballklubben Høyang. Leiar i fotballgruppa i IL Høyang, Petter Sortland, seier dei får 10 prosent av overgangssummen.

– Eg veit enno ikkje kor mykje pengar vi får, for eg veit ikkje kva han er seld for. Men avtalen er vi får 10 prosent ved eit vidaresal, minus det Sogndal allereie har betalt oss då han gjekk til dei, seier han til NRK. no fredag ettermiddag.

I tilleg skal fem prosent av kontraktssummen fordelast mellom klubbane Hovland spelte i frå han var 12 år til 21 år. Dermed får Høyang også såkalla utdanningskompensasjon.

– Dette er pengar til klubbane som har vore med på å gjere ein spelar god. No skal vi bruke pengane på trenar-, leiar- og dommarutvikling. I tillegg skal vi ha ei satsing for å få fram nye talent, seier Sortland og legg til at han er stolt og glad på Hovland sine vegner.

– Ei fjør i hatten

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal, seier overgangen i dag er ei fjør i hatten til alle som er med på å bidra til fotballen i fylket.

– Høyang har fått fram eit stort talent, der vi har fått gleda av å vidareutvikle han i fire-fem sesongar.

Han seier det var viktig at Hovland fekk vere med å velje ein klubb som er viktig for utviklinga hans.

– Molde er veldig bra og han får prøve seg i Champions League-kvalifisering.

Men han legg ikkje skjul på at Hovland etterlet seg eit tomrom i Sogndal.

– Det gjer han. Men holet kan fyllast på forskjellige måtar og det skal trenarane bruke dei neste månadene på å vurdere. Skal vi produsere fleire som Hovland, må vi våge å satse ungt og på gode talent.

Vil ikkje kommentere summen

Mundal vil verken stadfeste eller avkrefte om overgangssummen er på sju millionar.

– Vi har ein avtale med Molde om å ikkje offentleggjere det. Men eg kan seie at det er ein avtale som både vi, Molde og Even sjølv er nøgd med. Og avtalen gir pengar både til Sogndal og Høyang.

Også Mundal seier at litt av vinsten vil gå til ei satsing på unge spelarar.

– Det er ein kjekk dag for oss, for vi har vist resten av fotball-Norge at vi kan vidareutvikle talent og få dei opp på eit høgt nivå.

Ein utanlandsk og fleire norske

Mundal er taus når det gjeld kva klubbar som har vore interesserte i Hovland og kor mange det er.

– Men eg kan stadfeste at det har vore fleire følarar og fleire konkrete tilbod. Det er snakk om ein utanlandsk klubb og fleire norske.

Tidlegare har det vore kjent at Sogndal skal ha fått bod på Hovland også frå den russiske toppklubben Anzhi. Forskjellige media har skrive at bodet har vore på 18 millionar kroner og ei årsløn til Hovland på åtte millionar kroner.

– Dette vil eg ikkje kommentere. Det som er realiteten er at Even har gått til Molde.