Hopp til innhold

Denne båten har vore sakna i ei veke - no ber politiet folk om tips

Båten «FRAM» og ein mann i 50-åra er sakna mellom Florø og Stord. No ber Hovudredningssentralen om tips.

Båt

BÅTEN SOM ER SAKNA: Det er denne 10 meter lange båten som er sakna mellom Kalvåg og Stord.

Foto: HRS

– Mannen blei meldt sakna etter at han skulle kjøpe ein båt i Sunnfjord. Han skulle etter planen ta sjøvegen tilbake til Stord, seier politiet til NRK.

Siste observasjon av båten er gjort for nær ei veke sidan, og ingen har hatt kontakt med mannen sidan det.

HRS melder på Twitter at båten er 10 meter, har olja skrog og kvitt hus. Registreringsnummer er H-97-S.

– Dette er ei eldre treskøyte som sist blei sett i Kalvåg 2. november på føremiddag. Vi har indikasjonar på at den passerte Florø ved lunsjtider same dagen, men etter det veit vi ikkje noko meir, seier vakthavande redningsleiar, Nils-Ole Sunde.

Det er familien som har meldt mannen sakna. HRS er førebels ikkje ute å leitar.

– Vi er ute med kommunikasjonssøk til alle skip i området. Vi har fått tips, men dei er nokre dagar gamle. Vi oppmodar alle til å melde frå om dei veit noko, seier Sunde.

Laster Twitter-innhold