Hovudlandsrennet flytta frå Stryn

Eldsjeler i Markane har siste vekene jobba på spreng for å komme i hamn til Hovudlandsrennet i langrenn, kombinert og hopp. No er det avlyst.

Tung 10 kilometer sløyfe.

AVLYST: Markane IL får likevel ikkje arrangere Hovudlandsrennet 2014.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Arrangementssjef Terje Lund i Norges Skiforbund stadfestar overfor NRK.no at arrangementet for nær 1000 unge utøvarar blir flytta til ein annan og meir snøsikker stad.

Han seier det er for lite snø til at dei finn det sportsleg forsvarleg å arrangere Hovudlandsrennet.

Terje Lund

ARRANGEMENTSSJEF: Terje Lund stadfestar at arrangementet i Stryn er avlyst, men at skiforbundet jobbar med å finne ny arrangør av Hovudlandsrennet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Hovudlandsrennet samlar nær 800 deltakarar og krava i høve til tryggleik i høve til breidde og så vidare er av slik karakter at ein i fellesskap, både arrangør og dei teknisk delegerte er samde om at ein ikkje kan gjennomføre med den snøsituasjon som er i dag, seier Lund.

– Beklageleg

Hovudlandsrennet for 15-16-åringar skulle gått av 28. februar til 2. mars. No er arrangementet «gitt tilbake» til Skiforbundet som skal finne ei alternativ løysing.

Arrangørane i Markane IL har siste vekene køyrt inn lass etter lass med snø for å få langrennsløypene på Ullsheim og Bjørkelibakkane klar til storinntaket av unge langrennsløparar. Lund seier avlysinga i Stryn er beklageleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ullsheim tysdag 18. februar.

FOR LITE: Slik ser det ut på Ullsheim i dag, tysdag 18. februar.

Foto: Webkamera / Markane IL

– Diverre har hatt ein utfordrande vêrsituasjon i Norge i år som har gjort at Vestlandet og Midt Norge vore omtrent utan snø. Ein god del av arrangementa i desse regionane har måtte flytte til meir snøsikre stader. Det er slikt som skjer frå tid til annan, men sjølvsagt er det veldig bittert for den arrangøren som har lagt ned ein kjempeinnsats over lang tid for å få det til, seier han.

Skal tape minst mogleg

Arrangementet har også gjort at heile overnattingskapasiteten har vore oppteken i lengre tid. Tilreisande har måtte innkvartere seg i kringliggande kommunar.

Lund seier dei no er i forhandlingar med arrangøren for korleis ein skal handtere flyttinga. Han ynskjer ikkje på noverande tidspunkt spekulere i om Markane blir kompensert for arbeidet dei har lagt ned.

– Men vårt mål er at arrangøren skal lide minst mogleg på grunn av dette, seier han.

Håpar på avklaring

Med knappe to veker att til Hovudlandsrennet skal gå av stabelen, er Lund og Skiforbundet altså i gang med å finne ein ny arrangør.

– Kor lett blir det å finne ein ny arrangør?

– Vi jobbar med ulike løysingar. Føresetnad er å finne ein stad der det er godt med snø, sikre snøforhold og ein arrangør som har kompetanse, tid og moglegheit til å stille på kort varsel. I tillegg treng ein betydeleg innkvarteringskapasitet. Eg trur vi innan eit par døgn kan vi komme med endeleg avklaring.