Hopp til innhold

Hovland utolmodig- vil til ny klubb

Even Hovland er utolmodig etter å finne seg ein ny klubb. Han vil helst til utlandet, og Sogndal er uaktuelt.

Even Hovland

VIL BORT: Even Hovland lettar på sløret, og seier det er uaktuelt å spele vidare for Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Even Hovland tek telefonen heime hos foreldra i Vadheim.

- Det er godt å vere heime nokre dagar no i jula. Det blir pinnekjøt og mykje avslapping. Samtidig kan eg ikkje kutte treninga heilt. Eg skal mellom anna vere med på fotballturneringar i romjula, ei Florø og ei i Førde. Det blir eit lag samansett av ein kompisgjeng, seier Hovland.

Sogndal uaktuelt

22-åringen er ettertrakta både i inn og utland. Både seriemeister Molde, Brugge i Belgia engelske klubbar har vist inetresse, men så langt har ingenting skjedd.

- Eg ser no etter nye utfordringar og det er uaktuelt å spele vidare i Sogndal. Det kunne difor vore greit om det kom til ei avklaring, seier han.

- Så du er litt utolmodig?

- Ja, eg er vel det.

Vil på landslaget

-Kva er mest sannsynleg, ein norsk eller ein utanlandsk klubb?

-Eg vil helst til utlandet, men Molde er heller ingen nedtur. Per i dag er det umogleg å seie kvar eg spelar neste år.

- Kva er målsetjinga di for komande sesong?

- Det er å spele seg til fast plass på det nye laget eg kjem til og å etablere meg på landslaget. Høge mål må ein setje seg, seier Hovland.