NRK Meny
Normal

Hovland klar for Tyskland

Fotballspelaren Even Hovland skreiv i går kontrakt med tyske FC Nürnberg. Det betyr pengar i kassen, både for Molde, Sogndal og Høyang.

Vaimen Even Hovland og Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

TYSKLAND: Even Hovland har lenge hatt ambisjonar om å spele utanlands. No skal han til Tyskland.

Foto: Øystein Fossum

– Eg måtte berre gripe sjansen når eg fekk den, seier Hovland.

Og det har gått veldig fort, fortel han.

– Eg fekk telefon for to dagar sidan, så då var det berre å hive seg rund og reise nedover, var gjennom nokre medisinske testar og ein del forhandlingar. I går vart kontrakten skriven under.

Molde fotballklubb sende i dag ut ei pressemelding der dei stadfestar salet av Even Hovland til den tyske storklubben FC Nürnberg. Hovland kom til Molde i 2012 frå Sogndal og har spelt 66 kampar for Molde.

Hovland er fødd i 1989, og spelte for Vadheim og Høyang før han vart teken inn i Sogndal sin A-stall i 2006.

Han vart tildelt Kniksen-prisen som beste forsvarsspelar i tippeligaen i 2011, og i 2012 signerte han for Molde.

Uventa tilbod

Og no stå altså Tyskland for tur. Hovland skal spele i 2. Bundesliga til hausten. Nürnberg rykte ned frå Bundesliga i vår.

– Eg har jo alltid hatt lyst å prøve meg i Europa, men det var ikkje noko eg var førebudd på no.

Hovland trur den tyske klubben har hatt speidarar på kampar han har spelt som har fått auga opp for han.

– Så har eg vel vore heldig og prestert på dei kampane. Det blir utruleg spennande og kjekt å få sjansen.

Det er spesielt ein ting som blir utfordrande for den talentfulle midtstopparen i den tyske fotballklubben.

– Språket! Eg kan rett og slett ingenting. Så det er det første eg må gjere er å lære meg tysk. Eg hadde ikkje tysk på skulen, så eg må berre hive meg rundt, seier Hovland.

Vemodig å forlate Molde

Han ser elles fram til å vere i ein klubb med mange ulike språk. Men det blir vemodig å forlate Molde.

– Det blir litt trist sjølvsagt. Eg har vore i klubben i 3 år og blitt både seriemeister, cupmeister og hatt ei fantastisk tid. Men skal eg bli betre må eg ta eit steg vidare. Det er kanskje den einaste moglegheita eg får til å spele vidare.

No blir det ein hard jobb for å spele seg inn på laget i Tyskland. Hovland skal vere klar i ny, tysk klubbdrakt allereie laurdag.

Pengar i kassa for Sogndal og Høyang

Etter det NRK erfarar vil også Sogndal og Høyang tene på at Molde no sel Hovland vidare til Tyskland. Det to klubbane vil sitje att med om lag ein halv million på deling etter salet av Hovland.

Sogndal vil få noko meir, men ein god sum vil også gå til Idrettslaget Høyang.

– Det er klart at dette er svært viktig for oss. Det er eit godt, ekstra tilskot drifta, jublar leiar i idrettslaget, Svein Arne Høyheim.

Høyang har allereie fått to utbetalingar frå Molde etter at Hovland gjekk frå Sogndal til Molde, mellom anna basert på talet kampar Hovland har spelt for Molde.

– Even har vore viktig for oss. Vi ville gjerne hatt ein Even Hovland kvart femte år, seier Høyheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå