Hopp til innhold

Hovland til Manchester United

Sogndalspelaren Even Hovland skal etter planen reise til England og Manchester United 7. desember.

Even Hovland

Even Hovland skal trene med storlaget Manchester United.

Foto: Rune Fossum/NRK

Der skal han trene i ei veke med det engelske storlaget.

- Vi har takka ja til eit sånt treningsopphald sidan det er bra for Even, seier sportssjef i Sogndal Fotball, Trond Fylling, til klubben sine nettsider .

Opphaldet er ikkje heilt i boks, men etter planen set midtstoppartalentet seg på flyet måndag, med retur ei veke etter. Hovland har gått skadd nærast heile sesongen. Skaden kom allereie under oppvarminga til sesongopninga heime mot Hønefoss.

- Even har vore ute store delar av sesongen, og treng nok trening meir enn ferie. Når han då sjølv ynskte dette, var det ikkje vanskeleg å seie ja, fortel Fylling.