NRK Meny
Normal

Aabrekk heldt landslagsuttaket hemmeleg for Even Hovland

Even Hovland vart måndag for aller første gong teken ut til ein A-landslagstropp i fotball.

Isak Scheel og Even Hovland
Foto: Rune Fossum / NRK

Harald Aabrekk snakka med Egil «Drillo» Olsen søndag kveld, og fekk då vite om kva planar landslagssjefen hadde før uttaket.

Men han ville ikkje gje meldinga vidare til Even Hovland.

– Han fortener å få bli overraska. Det er ei god kjensle å få, så den ville eg at han skulle få kjenne på sjølv. Den hadde eg øydelagd litt om eg hadde fortalt han det i forkant, seier Aabrekk til VGnett.

– Even har gått gradene på aldersbestemte landslag, og er ein mann for fremtida. Han har ingen tydelege svake sider, er god både defensivt og offensivt og har eit av Norges beste tilslag på ballen, seier landslagssjef Egil Olsen.

Han presenterte måndag føremiddag kva spelarar som blir med i troppen til EM-kvalikkampen mot Kypros på Ullevaal tysdag 11. oktober.

For 22-åringen frå Vadheim er det aller første gong han er i A-landslagstroppen.

Norges landslagskaptein og faste forsvarskjempe Brede Hangeland må nemleg sone karantene for gule kort, og dermed valde Drillo å sjå til Sogndal etter ein erstattar.

– Even har spelt veldig bra over tid, det låg vel litt i korta at det berre var eit tidsspørsmål før han fekk moglegheiten, seier Aabrekk til nrk.no.

Even Hovland har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar måndag føremiddag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå