NRK Meny
Normal

Hovland om ny landslagssjef: – Eit spennande val

I går vart det klart at Even Hovland (27) blir i Nürnberg ut sesongen. I dag fekk han vite kven han må imponere for å halde på landslagsplassen.

Even Hovland (t.v.) i duell med Matthias Morys i den tyske cupen

KAMP: Kontrakten med Nürnberg går ut etter sesongslutt. Fram til då er Even Hovland (t.v.) budd på ein knallhard kamp om minutta – både på klubblaget og landslaget.

Foto: Daniel Maurer / Epa

Lars Lagerbäck

NY SJEF: Lars Lagerbäck har tidlegare trena både Island og Sverige til til store fotballmeisterskap. I dag vart han presentert som Norge sin nye landslagssjef.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi har venta lenge på kven som skulle bli landslagssjef. Han har gjort det bra med andre landslag, så det blir spennande å sjå om eg får vere med på det, seier midtstopparen.

Kjempar om plassen

Hovland snakkar om Lars Lagerbäck, som i dag vart presentert som ny landslagssjef i fotball. Svensken meiner han kan ta Norge til VM. Det målet har 27-åringen frå Vadheim lyst til å vere med å jobbe mot.

Laster innhold, vennligst vent..

Men med lite speletid i tysk 2. Bundesliga, blir det krevjande å overtyde den nye landslagssjefen. Norge møter Nord-Irland i VM-kvalifisering 26. mars.

– Får eg spele her, så er det mogleg. Dersom eg berre trenar og ikkje spelar kampar, så får andre som spelar fast sjansen, seier han.

Fast på landslaget

Samstundes som speletida har vore avgrensa i Nürnberg, har Hovland vore fast inventar i forsvarsrekkja til tidlegare landslagssjef Per-Mathias Høgmo.

Han er klar på at speletid i Tyskland aukar sjansen for speletid på landslaget.

– Det er ikkje ideelt å ikkje spele kampar, men her har det blitt for mykje tid på benken. Eg må berre gi gass på trening og kome meg inn att så fort som mogleg, seier Hovland.

– Hadde det vore lettare for deg med ein norsk landslagssjef?

– Det er vanskeleg å seie. Uansett om trenaren er norsk, svensk eller islandsk, så må eg berre overtyde om at eg er god nok til å vere med vidare.

Skal forhøyre seg

Even Hovland og Håvard Nordtveit

DÅRLEG: Norge og Even Hovland har fått ein dårleg start på VM-kvaliken med berre ein siger på fire kampar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Utanom at Lagerbäck har trena både Island og Sverige til store meisterskap, er svensken eit heller ubeskrive blad for Hovland. Dei siste åra har svensken imponert som trenar for Island.

– Eg veit lite, men eg spelar med ein frå Island, så eg skal forhøyre meg litt, humrar 27-åringen, og siktar til lagkamerat Rúrik Gíslason.

– Trur du det er ei god tilsetjing?

– Han har bevist at han får lag til meisterskap, og det er det alle vil. Slik sett er det ikkje så dumt. Så får tida vise. Eg håpar vi kjem oss til ein meisterskap, slik alle vil.

Blir i Nürnberg

Med ein kontrakt som går ut til sommaren, har eit klubbyte lege i korta for den tidlegare Sogndal- og Molde-midtstopparen. I går lukka overgangsvindauget i Tyskland, noko som betyr at Hovland blir i Nürnberg ut sesongen.

– Det har vore litt aktivitet rundt meg, men eg har teke det heile med ro, seier han og legg til.

– Ingen er nøgde med å ikkje spele fotballkampar. Dette blir ei totalvurdering eg må gjere når det nærmar seg sommaren.

Hovland sat på benken då Nürnberg tapte heime mot Dynamo Dresden søndag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.