Hopp til innhold

Hovland positiv til russisk fotball

Even Hovland avviser ikkje at hans neste arbeidsgjevar kan vere russiske Anzhi Makhachkala.

Sogndal - Sarpsborg 08

YNSKT: Even Hovland hevdar sjølv han ikkje veit noko om fotballframtida, men avfeier ikkje russisk fotball. Her frå oppgjeret mot Sarpsborg 08 i fjor.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Det er ingen tvil om at midtstopparen er ei tapt klippe for Sogndal Fotball før årets sesong.

I dag vart det kjent at russiske FC Anzhi Makhachkala skal ha lagt inn bod på mellom 10 og 15 millionar kroner for å sikre seg tenestene til 22-åringen. Klubben skal også ha tilbydd Even Hovland ei klekkeleg god løn.

– Klubben er i kontakt med ulike. Vi får berre vente å sjå om det blir semje, og ta det derifrå, seier hovudpersonen sjølv.

– Eit godt steg opp

Ingen i Sogndal Fotball har stadfesta at klubben har fått inn noko bod på vaimingen. På konkret spørsmål svarar dagleg leiar Egil B. Mundal i ein SMS at han ikkje har «noko nytt å melde til media».

– Men tykkjer du den russiske ligaen er bra nok?

– Ja, russarane har hevda seg bra i Europa siste åra, så det er ikkje tvil om at det er eit godt steg opp. Førebels ventar eg å sjå kva som skjer, seier Hovland.

– Begge blir nøgde

Sogndal-spelarane var i dag samla til første treningsøkt med nyesjefen Jonas Olsson.

Den tidlegare IFK Göteborg-trenaren vedgår at han gjerne skulle ynskt Hovland med seg inn i 2012-sesongen.

– Sjølvsagt gjer vi det. Det hadde vore kjekt om Even vart her, men med ein så dyktig spelar i laget så er det klart at andre blir interessert. Uansett kva det blir til, så trur eg begge partar blir nøgde, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Jonas Olson ny Sogndaltrenar

SJÅ TV-SAK: Jonas Olsson på si første trening med Sogndal.

– Veit ikkje

Fleire klubbar skal vere interesserte i midtstopparen som reiser på landslagssamling i midten av januar. Mellom 15. og 22. januar skal Norge møte Danmark, Thailand og Sør-Korea i ei firenasjonars turnering i Thailand.

Då har Hovland truleg skifta klubb. I tillegg til styrtrike Anzhi, er også Molde og Crystal Palace kjende interessentar. På nettet florerer også rykte om andre klubbar.

Sjølv hevdar Hovland å ikkje vite noko om kvar fotballframtida hans ligg.

– Den er uviss enn så lenge. Vi får sjå kva som skjer dei neste dagane og månadene, men når veit eg ikkje, seier han.