Hopp til innhold

Snart skadefri - kan bli bauta i tysk fotball!

Even Hovland og hans nye klubb Nürnberg lever under eit kraftig press for å rykkje opp att i Bundesliga. Tidlegare Nürnberg-kaptein Anders Giske trur Hovland om kort tid vil vere ein av dei viktigaste spelarane på den tyske storklubben.

Even Hovland

BAUTA: Tidlegare Nürnberg-spelar og Sogndal-sjef har stor tru på at Even Hovland vil verte ein bauta i den tyske klubben.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ja, det trur eg. No må han berre få nok kampar, etablert seg og lære seg språket, så kjem det fort.

Anders Giske har ti år bak seg som proff i Tyskland på 80-talet. I tre sesongar var han kaptein på Nürnberg. Seinare var han sportsleg leiar i Sogndal – mellom anna då Even Hovland etablerte seg i klubben.

Giske er sikker på at 25-åringen kjem til å markere seg i tysklands 2. Bundesliga.

– Han har god fysikk, han er hurtig, og han trår til i duellane. Han er stor og god på hovudet. Det er midt i blinken. Det som er viktigast for han er å halde seg skadefri. Då er eg heilt overtydd om at han vil han vakse med oppgåvene.

Har tru på plass på laget

Even Hovland og Ulrik Flo

TØFF: Giske skildrar Hovland som ein sterk spelar. Her for Molde, i duell med Sogndal sin Ulrik Flo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Even Hovland er fødd i 1989, og spelte for Vadheim og Høyang før han vart teken inn i Sogndal sin A-stall i 2006. Han vart tildelt Kniksen-prisen som beste forsvarsspelar i tippeligaen i 2011, og i 2012 signerte han for Molde.

I sumar gjekk han til Tyskland, men fekk den verst tenkjelege starten på karrieren i Nürnberg. I juni vart han seld frå Molde – og berre nokre veker vart han skadd i ein treningskamp for tyskarane.

No har Nürnberg starta sesongen utan sogningen på bana. Det har enda med to tap og éin siger. Og Hovland er først no i ferd med å bli skadefri. Om nokre veker håpar han å vere med og kjempe om ein plass på laget igjen.

Even Hovland-skade i tyske Kicker

HOVLAND-SJOKK: Pause med skade i to månadar rett etter han kom til klubben. Mediemerksemda er stor i byen og i Tyskland.

Foto: Skjermdump

– Det er gode spelarar her. Alle kjempar om ein plass på laget. Det er tøff konkurranse, men eg må berre ta den utfordringa og gjere det godt nok til at trenaren vil at eg skal spele.

– Føler du at du ligg godt an?

– Ja, eg har i alle fall moglegheiter no. Men trenaren avgjer til slutt, så eg får berre vise for han at eg fortener ein plass.

Stort press

I Nürnberg blir spelarane kjende att på gata – og det er stort forventingspress på spelarane.

Både klubben sjølv og omgjevnadane forventar at laget skal rykkje rett opp att. Og Even Hovland skal vere ein støttespelar på veg mot opprykk.

– Det er store forventningar i Nürnberg. Men vi kan ikkje byrje å tenke på det allereie no vi nettopp har starta. Vi må fokusere på god trening og neste kamp, seier sogningen.

Sportsleg leiar Anders Giske

PRESS: Giske fortel at presset i den tyske klubben er stort.

Foto: NRK

Anders Giske veit alt om kva som ventar Hovland når han er tilbake på bana.

– Det vert veldig stort fokus på resultat kvar einaste helg. Det er svært mykje kjensler i sving, klubben har ein veldig stor tilhengarskare. Det blir stor merksemd i media, seier han.

Og det vil spelarane merke.

– Det skjer ting rundt klubben. Byen er ikkje veldig stor, og du blir kjend att på gata. Fotballinteressa er svært stor både i klubben og i byen.