NRK Meny
Normal

Hovland i landslagstroppen

Landslagstrenar Øystein Gåre gjev Even Hovland fornya tillit på U21-landslaget.

Even Hovland

Even Hovland får på nytt vise seg fram med flagget på brystet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndalstopparen er med i troppen som 28. mai møter Ungarn på Briskeby, og Finland på Leppävaara Stadium 2. juni.

Hovland har tidlegare tre kampar, men har framleis til gode å score sitt første mål for U21-landslaget. Vaimingen er ein av tre 1. divisjonsspelarar i den

Hovland er ein av tre 1. divisjonsspelarar i den 21 mann store troppen.

Fekk plass på G18-landslaget

Også Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed blir kalla ut på landslagsoppdrag i slutten av mai. G18-landslagstrenar Bård Flovik har begge sogndalspelarane med i troppen som deltek på ei firenasjonarsturnering i portugisiske Lisboa.

Norge møter USA og Romania, i tillegg til vertsnasjonen.

Turneringa går på 3. divisjonslaget Casa Pia si heimebane, Pina Manique.

Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed.

Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed.

Foto: NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå