Hopp til innhold

Hovland frå start mot Aalesund

Even Hovland går rett inn i startellevaren når Sogndal møter Aalesund i dag.

Even Hovland

FRÅ START: Even Hovland startar for Sogndal i kampen mot Aalesund.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hovland har vore ute med skade, men er no klar igjen og går inn som stoppar på Color Line stadion i Aalesund. Espen Olsen går inn for Erik Bakke som er ute med skade.

– Det er ingen store endringar frå kampen mot Tromsø. Even er ein sjølvsagt spelar og går rett inn på laget, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

Udjus får ny sjanse

På treninga fredag var det usikkert om Isak Scheel blei klar til kampen.

– Han var ikkje heilt i form, men det har gått bra. Dermed er han med i troppen som startar i dag, seier Fylling.

Kenneth Udjus startar i mål etter å ha gjort ein bra kamp sist helg. Aalesund har hatt ei bra tak på Sogndal. Sjølv om sogningane vann ein treningskamp mot dei i februar, har det stort sett vore sunnmøringane som har vunne dei siste åra. Fylling trur likevel at Sogndal skal klare å bite frå seg.

Fylling optimist

I kampen mot Tromsø sist helg, klarte Sogndal uavgjort og fekk med seg eit poeng. Når Fylling ser på utviklinga Sogndal har hatt dei to siste kampane, er han optimist i dag.

– Det har skorta på den offensive biten, så den har vi utvikla. Vi har også tatt tak i det defensive spelet, for det må vere på plass for å lukkast offensivt.

Dette er laget som startar mot Aalesund:

Kenneth Udjus - Mats Goberg Solheim - Even Hovland - Isak Scheel - Per Egil Flo - Ahyee Aye Elvis - Henrik Luggenes Furebotn - Barry Kader - Ole Jørgen Halvorsen - Espen Olsen - Cato Hansen

Benken:

Joe Bendik - Vegar Heggenes Gjermundstad - Gustav Valsvik - Ørjan Hopen
- Espen Næss Lund - Thomas Eriksen Ness - Ulrik Flo