NRK Meny
Normal

Hovland er tilbake i forsvaret

Med ein speleklar Even Hovland tilbake i midtforsvaret, skal Sogndal møte Fyllingen på bortebane i andre runde i NM.

Video Fotball NM: Fyllingen - Sogndal

Fotball NM: Fyllingen - Sogndal

Even Hovland stod over 0-0-kampen mot Viking grunna suspensjon etter raudt kort, men er tilbake i startoppstillinga til dagens cupkamp mot Fyllingen i Bergen.

Oppgjeret startar klokka 18.00 på Varden Amfi. Du kan følgje kampen direkte i nett-TV øvst i artikkelen.

Eirik Bakke står over kampen

Eirik Bakke spelar heller ikkje denne kampen for Sogndal. Midtbanespelaren har vore brukt som spiss for sgningane i nokre kampar denne sesongen, men har den siste tida kjent på ein skade.

Når det gjeld taktikken, er Håvard Flo klar:

– Vi ser på dette som ein kamp i eliteserien, der vi har med fullt fokus. Det kan hende vi får det tøft, men vi er iallfall topp skjerpa og motiverte, seier han.

– Går vi på ein smell her, er det inga unnskulding for oss, understrekar han.

Desse spelar for Sogndal

Her er førsteellevaren til Sogndal mot Fyllingen: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Even Hovland, Isak Scheel, Per Egil Flo, Gustav Valsvik, Ole Jørgen Halvorsen, Ahyee Aye Elvis, Henrik Furebotn, Ulrik Flo og Cato Hansen.

LES OGSÅ:

Sogndal gjekk vidare til andre runde etter 6-2 mot Saga i første runde av NM. Tornado Måløy rauk i går ut av NM etter nederlaget på heimebane mot Aalesund.