Hopp til innhold

Hovland-effekten uteblei

SOGNDAL (NRK): Sogndal håpar at Even Hovland skal berga eliteserieplassen. Men debuten blei øydelagd av ein superreserve på Haugesund.

Even Hovland

TRE MÅNADER SIDAN: – Eg var litt rusten i starten, men det gjekk betre etter kvart, seier Even Hovland, som ikkje har spelt ein fotballkamp sidan A-landslagskampen mot Sverige i 13. juni.

Foto: Christian Blom / Scanpix

– Det blei ikkje slik eg hadde håpa på, seier ein skuffa Even Hovland etter re-debuten for Sogndal mot Haugesund søndag kveld, ti år etter at han spelte sin fyrste kamp for dei svarte og kvite.

Forventningane har vore store til heimkoma til Hovland, noko kapteinsbandet rundt venstrearmen allereie i fyrste kamp fortel sitt om. Og mange på Fosshaugane tenkte nok at den tidlegare tysklandsproffen skulle berga viktige poeng mot laget Sogndal alltid har hatt godt tak på heime.

Men etter kampen må Hovland berre slå fast at Sogndal blei hardt straffa for ein personleg feil som superreserve for Haugesund, Frederik Gytkjær, utnytta på klinisk spiss-vis: Dansken avgjorde kampen på sitt fyrste spark på ballen.

«Aura rundt han»

Sogndalstrenar Eirik Bakke hadde ein klar tanke med å gi Hovland kapteinsbindet:

– Når Even kjem heim, er det berre naturleg at han får det, både på grunn av auraen rundt han, og den guten han er i garderoben. Han toler å stå her og møta media når me tapar. Då kan dei andre unggutane få vera litt i bakgrunnen.

Eirik Bakke

SKUFFA 1: Trenar Eirik Bakke og Sogndal blei hardt straffa mot Haugesund, etter fleire gigantsjansar i 1. omgang.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Auraen til Hovland kjem mellom anna av dei 24 kampane han har spelt for det norske landslaget.

Men det siste året har ikkje berre vore søtmjølk for 28-åringen frå Vadheim:

Meldinga frå landslagstrenar Lars Lagerbäck var klar: Skal du vera aktuell for landslaget, må du spela på klubblaget ditt. Det var difor éin grunn til at ein Hovland med landslagsambisjonar valde ein restart av karrieren nettopp i Sogndal:

– Det er klart at du må spela fast for å vera aktuell. Eg er difor glad for å spela kampar att, så får me berre sjå kva det held til, seier Hovland.

Stoppar-ess i ermet

Sogndal ligg på kvalifiseringsplass etter tapet mot Haugesund, og også denne hausten teiknar til å bli ein seig kamp for å hindra nedrykk.

Men klubben har eit ess i ermet, nemleg ein stopparduo med til saman 56 landskampar: Hovland og Kjetil Wæhler.

Kjetil Wæhler

SKUFFA 2, MEN ROSAR HOVLAND: – Han er ein dyktig og erfaren spelar, som kan bli avgjerande i nedrykksstriden, seier stopparmakker Kjetil Wæhler, som var skuffa etter 1-0-tapet mot Haugesund.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Om ikkje det gav utteljing mot Haugesund, kan Hovland-signeringa like fullt bli avgjerande, seier stopparveteran Wæhler:

– Sjølv om han og eg kanskje ikkje hadde den effekten resultatmessig i dag, blir det viktig rutine i nedrykksstriden.

Sogndaltrenar Bakke meiner roa til Hovland og Wæhler kan sikra ny eliteseriekontrakt når dei siste åtte kampane er spelte:

– Det såg me allereie i dag, sjølv om det ikkje blei tre poeng. Dei kan fort bli avgjerande.